Hopp til innhold

KrF-leiaren om den nye justisministeren: – Meir samlande enn Listhaug

– I nokre saker står han nok langt frå KrF, men på innvandringsfeltet har han nok ei tilnærming som er meir samlande enn det den tidlegare justisminister har hatt, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

KrF med ekstraordinært landsstyremøte

SPANANDE VAL: KrF-leiar Knut Arild Hareide er open for at Wara kan vere ein meir samlande statsråd enn Sylvi Listhaug.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I dag vart finnmarkingen og First House-lobbyisten Tor Mikkel Wara (53) utnemnd som ny justis- og innvandringsminister i Solberg-regjeringa.

Wara FRP

NY JUSTISMINISTER: Tor Mikkel Wara vart i dag utnemnd som justis- og innvandringsminister.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Wara er tidlegare kjent for å vere ein svært liberal politikar då han var aktiv i FpU og Frp på 80- og 90-talet. I 1993 forlèt han rikspolitikken, etter å ha åtvara mot partiets innvandringsretorikk.

No tek han over etter at den tidlegare justis- og innvandringsministeren Sylvi Listhaug (Frp) trakk seg, etter utsegn om Arbeidarpartiet og terror.

Etter knappe to uker som justisministervikar overlot Per Sandberg kontornøklene til Tor Mikkel Wara nå i ettermiddag.

SE VIDEO: Etter knappe to uker som justisministervikar overlot Per Sandberg kontornøklene til Tor Mikkel Wara nå i ettermiddag.

Hareide: – Mindre kontroversiell enn Listhaug

Det var KrF som sikra fleirtal for eit mistillitsforslag mot Listhaug. Den tidlegare justisministeren trakk seg derimot før avstemminga i Stortinget, og har gått tilbake til å vere vanleg stortingsrepresentant.

KrF-leiar Knut Arild Hareide seier Wara er eit spanande val.

– Wara er ein politisk kapasitet. Vi vil følgje nøye med på kva han kjem med av politiske saker, og ynskjer eit godt og konstruktivt samarbeid, seier Hareide.

– Meiner du han er mindre kontroversiell enn Listhaug?

– Det trur eg er riktig å seie. Han har nok hatt ei litt anna tilnærming til innvandringsfeltet og vore meir liberal enn Listhaug. Men så er det regjeringa sin politikk han skal følgje opp, så det får vi sjå på dei neste månadene.

Kritisk til bakgrunn frå First House

Fleire har vore kritisk til at Wara i mange år har arbeida i kommunikasjonsbransjen, sidan han gjekk ut av rikspolitikken i Frp i 1994. Både Raudt, SV og Senterpartiet krev innsyn i Wara sine kundelister. Wara har også eigarforhold i Frist House.

Statsminister Erna Solberg deltar i den muntlige spørretime i Stortinget.

INNSYN: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes stussar over at Solberg hentar statsrådar frå kommunikasjonsbransjen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det kan sjå ut som First House alltid skal vere representert i Erna Solbergs regjering. Når Listhaug går ut, går Wara inn, seier Rødt-leder Bjørnar Moxnes til NTB.

Også Hareide har sine krav.

– Vi har sett statsrådar som tidlegare har kome frå First House, og vi vil sjølvsagt stille dei same krava til Wara som vi har gjort med tidlegare statsrådar frå Frp som har kome frå denne bransjen, seier Hareide.

– Risikerer den nye justisministeren konflikt med tidlegare kundeforhold?

– Eg er sikker på at Wara vil opptre ryddig.

På pressekonferansen i statsministerbustaden i dag, sa statsminister Erna Solberg at pliktene ein statsråd har er tydelege.

– Eg er for openheit, det skulle eg ynskje First House hadde praktisert, men vi kan ikkje med tilbakeverkande kraft fjerne det at enkelte praktiserer hemmelege kundelister. Likevel må kvar statsråd til ei kvar tid vurdere sin eigen habilitet i dei sakene som vert behandla i departementet eller i regjeringa, seier Solberg.

I ettermiddag vart det kjent at First House offentleggjer delar av kundelistene til Wara.

AKTUELT NÅ