NRK Meny
Normal

– Ikkje så rart at me av og til får litt tenning

Sjølv om asylbarndebatten har skapt storm, så sit regjeringa trygt. Det forsikrar leiarane i Venstre og KrF. Men dei legg ikkje skjul på at samarbeidet til tider er særs lite idyllisk.

Tåler det borgerlige samarbeidet asylbarn-saken? Det spørsmålet svarte Siv Jensen, Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande på i Politisk kvarter i dag.

Det kan verke som alt er fryd og gammen mellom Venstre, Krf og Frp for tida - trass den veldige asylbarndebatten.

Dei siste vekene har asylbarndebatten skapt splid mellom dei fire samarbeidspartia. Venstre og KrF har vore særskild kritiske til justisminister Anders Anundsen si handsaming av saka, og fleire har ropt på hans avgang.

– Dei raud-grøne krangla også

Men då partileiarane i dei to støttepartia Venstre og KrF, møtte Frps leiar i Politisk Kvarter i dag, var det stort sett berre harmoni å spore.

– Det er ikkje så rart at me av og til opplever at det blir litt tenning. Eg synest det er heilt greitt at ein får litt diskusjon. Alle veit at dei raud-grøne partia også krangla som busta føyk, men dei gjorde det på bakrommet, og håpte at ingen såg det, seier Frp-leiar Siv Jensen.

Ho meiner det ikkje gjer noko at det kjem fram at det er mykje usemje mellom dei fire samarbeidspartia, så lenge dei klarer å kome fram til løysingar.

Hareide: – Forstår godt frustrasjonen i KrF

Og ho får støtte frå Krf-leiar Knut Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Grande.

– Sjølv om vi no har krevjande saker, så trur eg at samarbeidsformen me har er god, men den kan forbetrast, meiner Hareide.

– Korleis trur du folk oppfatter den krangelen som finn stad mellom partia - utanfor dette studioet?

– Den trur eg kan verke uheldig. Eg tenkjer at me alle kan tenkje gjennom kva ord me bruker, og at me alle kan bli med på å sikre eit tettare samarbeid, seier Hareide.

Han vil ikkje kommentere om samarbeidsavtalen er broten i asylbarnsaka.

– Eg forstår veldig godt frustrasjonen i mitt eige parti. Men me gjekk til val for ein ny familiepolitikk, løfta menneskeverd og kampen mot sorteringssamfunnet. På dei sakene har samarbeidsavtalen levert godt for oss, seier Hareide.

– Det synest ut at dette er vanskeleg

Og lovprisinga av samarbeidsavtalen held fram når Venstre-leiar Trine Skei Grande har ordet.

– Ja, i Venstre synest me at me har fått til mykje. Også er det nokre saker som kringler seg til og som er vanskelege å løyse. Og det synest ut at dette er vanskeleg, fordi det er ei mindretalsregjering. Men eg trur det er bra at folket toler godt å sjå at politiske prosesser ikkje alltid er rett fram, seier Grande.

Ho går ikkje med på at krava om justisminister Anundsens avgang er eit ledd i eit politisk spel.

– Det er saker som står på spel, ikkje Anders Anundsen. Det ar asylbarna som står på spel. Det er det som er drivkrafta til venstrefolk, ikkje livet til statsrådar, seier Grande.

Sjå Politisk Kvarter øvst i artikkelen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger