«Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del.», skreiv Sylvi Listhaug på eiga Facebook-side fredag.
Innlegget har fått mange til å reagere. Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre omtalte innlegget som «nedverdigande, lågnivå og veldig trist» i går. Venstre-leiar Trine Skei omtalte kritikken som «totalt urimeleg».
– Då eg såg denne meldinga trudde eg Facebook-sida til justisminister hadde blitt hacka, opnar Hareide i eit intervju med NRK søndag.
FÅR MEDFART: Sylvi Listhaug får krass kritikk frå KrF-leiar Knut Arild Hareide.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix– Bør slette innlegget
Hareide meiner alle veit at det er direkte feil at Ap meiner rettane til terroristar er viktigare enn tryggleiken til nasjonen.
– Arbeidarpartiet er einaste parti som har opplevd terror mot seg. I etterkant av Utøya så hadde vi ein veldig verdig debatt om korleis vi handterte det. Eg leia sjølv 22. juli-komiteen på Stortinget og det var eit samla politisk Noreg som ville ha verdigheit i debattane. Dette er det motsette, meiner ein opprørt Hareide.
KrF-leiaren seier at vi skal tole politiske debattar, men at argumenta må vere rettferdige. Han samanliknar Listhaug med USAs president Donald Trump:
– Her prøver Listhaug å vere betre enn Trump på populisme, meiner Hareide.
– Verkeleg?
– Ja, dette er ein måte å ta ned den politiske debatten på som ikkje nokon tener på. Eg er heilt einig i det mange unge, framståande Høgre-politikarar no seier: justisministeren bør slette innlegget og deretter unnskylde.
UT MOT LISTHAUG: Leiar i finanskomiteen på Stortinget, Henrik Asheim (H), gjekk ut mot Sylvi Listhaug på Twitter laurdag kveld.
Foto: Berit Roald / NTB scanpixHøgre-toppar koordinert ut
Statsminister Erna Solberg har ikkje ønskt å kritisere Listhaug sine utsegner.
– Spissformuleringar finst det mykje av i politikken, var blant det Solberg sa laurdag.
Ei rekkje profilerte Høgre-politikarar tek seg derimot av kritikken som Solberg ikkje ønskjer å ytre. Tina Bru, leiar i Høgres kvinneforum, Henrik Asheim, leiar i finanskomiteen på Stortinget, og stortingsrepresentant Stefan Heggelund publiserte den same meldinga på Twitter laurdag kveld.
Verken Bru, Asheim eller Heggelund ønskjer å seie mykje meir om saka. Asheim kjem derimot med ei kort utsegn via tekstmelding:
– Det var viktig å vise kva eg meinte om det og det har også komme godt fram. Grunngjevinga tek eg heller internt i partiet.
NRK jobbar med å få ein kommentar frå Sylvi Listhaug sjølv.
- Les også:
OMDISKUTERT: Dette er bildet og teksten Sylvi Listhaug publiserte på eiga Facebook-side fredag.
Foto: NRK