Hopp til innhold

Hareide tar ikkje attval til Stortinget

Knut Arild Hareide tek ikkje attval til Stortinget i 2021. Nærast på dagen eitt år etter nederlaget i striden om KrFs retningsval fortel han at han vil avslutte karrieren som rikspolitikar.

Knut Arild Hareide fortel at han ikkje tek attval til Stortinget i 2021.

Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide avslører at han ikkje stiller til attval til Stortinget i 2021.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Hareide har vore ein del av rikspolitikken i over 20 år.

No varslar han at den rikspolitiske karrieren snart er slutt.

Som naturleg er for ein tidlegare KrF-leiar, blir avgjerda først kunngjort gjennom eit intervju med Vårt Land. Hareide har også i god tid før stortingsvalet 2021 varsla til leiaren i fylkeslaget i Hordaland at han ikkje stiller til val neste gong.

Ikkje ferdig med KrF

Hareide kom inn i rikspolitikken som politisk rådgjevar for statsråd Jon Lilletun i Kjell Magne Bondeviks sentrumsregjering i 1998. Seinare vart han sjølv miljøvernminister. På Stortinget var han vararepresentant i tre periodar før han har vore fast – og svært sentral – stortingsrepresentant frå 2009.

Men den tidlegare partileiaren (2011–2018) lovar at han ikkje tek farvel med partiet.

– Eg ønskjer framleis å bidra aktivt til KrF, utdjupar han til NRK. – Men no er det naturleg at eg som avgått partileiar trer inn i ei anna rolle. Det har Dagfinn, Valgerd og Kjell Magne gjort. Dei har vore støttande overfor meg som partileiar. No ønskjer eg å ta den type rolle etter valet i 2021.

Hareide fortel at han har vore prega av interne spekulasjonar om at han ønskte å ta ein omkamp om retningsvalet.

– Eg ser at det kjem spekulasjonar om at det kjem omkamp. Det har ikkje eg ønska å bidra til, og eg trur at min beskjed no er eit tydeleg signal om at det aldri har vore min intensjon. Eg har heile tida ønskt å opptre ryddig. Eg ønskjer å gje den nye leiinga arbeidsro slik at dei kan lukkast med sin visjon.

Framleis skuffa over retningsvalet

Sjølv om han seier han ønskjer at KrF-leiar Ropstad lukkast, er Hareide tydeleg til NRK om at han framleis kjenner på tapet i fjor haust.

– Det var jo eit skuffande val for meg. Men det var eit vegval eg la opp til, eg må ta konsekvensen av det. Difor er det valet eg tek no også ein naturleg konsekvens.

Hans tidlegare politiske rådgjevar Emil André Erstad har denne veka gitt ut bok der han er open om at han er bitter og at han opplevde nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad si framferd i striden om retningsvalet i fjor som eit svik.

Hareide seier han ikkje deler desse kjenslene.

– Ja, vi hadde ei usemje mellom meg og nestleiarane, men for meg var det ikkje eit politisk svik. Vi var politisk usamde. Dei valde å gjere ting som eg kanskje ikkje hadde gjort, men det må eg akseptere. Eg hadde alle moglegheiter til å påverke KrF hausten 2018.

– Det er ingen grunn til å synest synd på Knut Arild.

– Eg ville ikkje lure KrF inn i mitt regjeringsprosjekt. Eg ville at KrF skulle ta eit bevisst val. Difor aksepterte eg utfallet. Eg hadde ønskt at KrF valte annleis, men eg har ingen grunn til å vere bitter.

Stolt av sin politiske arv

Hareide erkjenner at han kjenner på eit visst vemod når han no skal slutte på Stortinget etter ein lang karriere i toppolitikken.

– Det er naturleg nok vemodig. Samtidig veit eg at eg har fått opplevd mykje og eg trur eg har ein politisk arv som vil leve etter meg.

– Kva er Hareides arv?

– Det er mange politiske sigrar som vi fekk i den perioden eg sat som partileiar, men også at eg har vore ein politikar som torde å stå for noko, som sa at dette var mi retning og at «her går ei grense».

– Kva for nokre sigrar tenker du tilbake på med mest glede?

– For eksempel at eg kjempa gjennom ei pleiepengeordning som sikra sårbare familiar i Noreg betre vilkår. Eg er fornøgd med å ha fått til ein lærarnorm. Men også viktige verdibodskapar som å vere tydeleg då ein sittande justisminister la ut ting på Facebook som var totalt uakseptabelt og seie at dette går ikkje an, vi må sette ned foten, seier Hareide og viser til striden med FrPs Sylvi Listhaug. Hareide har ved fleire høve teke eit oppgjer med politisk retorikk.

– Det står igjen etter meg politisk, og det er eg stolt over.

Ikkje eit sakn

Men om berre fem KrF-delegatar hadde skifta meining på det ekstraordinære landsmøtet til KrF i fjor, hadde ikkje Hareides karriere i topp-politikken vore over.

Din tidlegare rådgjevar meiner du kunne vunne om du var litt tøffare?

– Eg er Knut Arild. Open, ærleg – og eg vil også seie modig. Det var modig det eg gjorde hausten 2018, samanfattar Hareide om seg sølv.

Når NRK møter Hareide er han avslappa i heimen på Grefsen i Oslo. Med ein baby på armen omgitt av kvardagsleg småbarnsfamilie-rot konkluderer han også med at han har langt meir overskot no enn då han var partileiar i storm hausten 2018.

Han verkar tilfreds med valet, men veit enno ikkje kva han skal gjere etter 2021.

Tidlegare politikarar som har trekt seg tilbake frå rampelyset, har kjent på saknet etter politikken ei stund. Men eitt år etter den politiske stormen, hevdar Hareide det er annleis for han.

– Eg saknar ikkje meg sjølv, konkluderer han med ein ironisk blunk.

AKTUELT NÅ