Russiske myndigheiter har stengd tilgangen til fleire sosiale medium, samt dei fleste uavhengige nyheitskanalane i Russland.
4. mars vedtok den russiske Dumaen ei lov om gjer det mogleg å straffa folk med 15 års fengsel viss dei kjem med «feil informasjon» om det som skjer i Ukraina.
Som eit mottiltak, har både privatpersonar og hackargrupper gått kreativt til verks for å sabotera russiske myndigheiter si framstilling av krigen.
Ein av dei er den norske it-konsulenten Fabian (49).
NRK kjenner identiteten til Fabian, men han ønsker ikkje å stå fram med fullt namn.
– Det er viktig for meg at folk kan danna seg sitt eige bilete.
Har sendt ut rundt 24 millionar e-postar
«Kjære ven. Eg skriv til deg for å uttrykka mi bekymring for den sikre framtida til våre barn på denne planeten. Mesteparten av verda har fordømd Putin sin invasjon av Ukraina.»
Slik startar e-posten som er blitt sendt til russiske e-postmottakarar fleire millionar gonger. I emnefeltet står det «Eg er ikkje din fienden» på både engelsk og russisk.
It-konsulenten var med på å oppretta ei nettside der folk kan senda eit slags digitalt flygeblad til opptil 150 russiske e-postadresser på ei og same tid.
NETTSIDA: Slik ser nettsida ut.
Foto: Skjermdump av nettsida– Eg tenkte det var ein måte å komma unna sensur på, fordi e-postar klarar du ikkje sensurera.
E-posten er skrive på både russisk og engelsk, og inneheld lenker og informasjon til korleis folk i Russland kan få tilgang til det Fabian reknar som uavhengig informasjon.
Enkelt fortalt kan du via nettsida opna ein ferdigskriven e-post som du kan senda vidare til tilfeldig utvalde mottakarar i Russland.
– Det er ikkje anonymt, så du sender det frå din eigen e-postkonto med ditt eige namn.
Så langt reknar gruppa med at folk har sendt totalt rundt 24 millionar e-postar.
Laurdag låg snittet på 7000 e-postar i minuttet, etter at BBC publiserte ei sak om tenesta.
Dei fleste Fabian har fått svar frå skriv at det dei deler er propaganda.
– Det må du rekna med når du deler informasjon folk ikkje har bedt om. Det einaste me ønsker er at folk skal tenka på det og prøva å undersøka litt vidare.
Han fortel at andre han kjenner har kome i kontakt med folk i Russland som gjerne vil ha informasjon utanfrå.
Kan få uønskt merksemd retta mot deg
Torgeir Waterhouse har jobba med it og it-politikk i Forbrukarrådet og IKT-Noreg i meir enn 20 år.
Han er ikkje kjend med at denne form for deltaking i krigssituasjonar har fått nokon konsekvensar tidlegare.
Ifølge Waterhouse er det alltid ein risiko for at du kan få merksemd retta mot deg om du deltek i krigssituasjon, frigjeringskampar eller andre store markeringar.
Torgeir Waterhouse.
Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen / OtteSom avsendar kan du ikkje vera heilt sikker på kven du sendar e-posten til.
– Adressa di kan bli brukt til åtak andre vegen.
Til dømes kan du hamne på ei spam-liste eller du kan senda e-posten din til personar som vil forsøka å hacka deg.
– Når det er sagt, er det å senda ein e-post ikkje spesielt alvorleg.
Han meiner likevel at det er grunn til å vera merksam på risikoen.
Før du trykker send, meiner Waterhouse at du burde tenka gjennom kva e-postadresse du vel å bruka, og vera klar over at det er ei alvorleg konflikt ein vel å uttrykkje seg i.
Til dømes fortel Waterhouse at du må vera forsiktig med å bruka e-postadressa di om han er tilknytta arbeidsplassen din.
– Det ikkje gitt at arbeidsgivar er komfortabel med at du brukar din epostadresse der til politisk markering.
I tillegg meiner han det er lurt å sjekka at den russiske versjonen av teksten stemmer overens med den engelske.
– Så må den enkelte gjera ei vurdering om det er ein situasjon dei ønsker å delta i eller ikkje.
Uansett, trur Waterhouse at det er ganske sannsynleg at nokon i Russland vil forsøka å ta ned nettsida til Fabian.
Gjev folk moglegheit til å delta
Waterhouse vil legga til at han vil rosa Fabian for å bruka si kompetanse for å støtta dei som treng støtte i denne krigen.
Det er eit døme på korleis teknologi ofte blir brukt på andre måtar enn kva det i utgangspunktet var tenkt til, fortel Waterhouse.
GOOGLE MAPS: Fleire av restaurantane og serverdigheitene i Russland sine største byar blei på kort til oversumt av tilrådingar om krigen i Ukraina. Waterhouse trekk dette fram som eit døme på korleis vanlege folk brukar teknologi på ein måte den i utgangspunktet ikkje var tiltenkt.
Foto: Skjermdump / Google Maps– Dette handlar om at det er mogleg for kvar enkelt, uansett kor liten ein måtte vera eller føla seg, å få sagt frå og korrigera det feilaktige biletet som heilt sikkert blir presentert i Russland, seier Waterhouse.
Fabian sjølv skulle ønska han aldri hadde trengt å oppretta nettsida i utgangspunktet.
– Målet mitt er å få lagt ned dette her så fort som mogleg. Viss Russland sluttar å kriga i Ukraina så hadde det vore det beste for alle.