Éin person melde seg og lurte på om det kunne vere han som var på videoen, men politiet seier torsdag ettermiddag at det ikkje er denne mannen.
– Vedkommande som kontakta politiet og lurte på om det kunne vere han, er i løpet av dagen sjekka ut av saka, seier påtaleleiar Haris Hrenovica.
Politiet gjekk onsdag ut og etterlyste mannen frå videoen som eit mogleg vitne i saka. Dei ønskte å få kontakt med han fordi dei ikkje visste kven han var, og fordi han bevegde seg i nærleiken av den sentrale åstaden på eit tidspunkt som er av interesse for etterforskinga.
– Arbeidet med å ta imot og behandle tips går føre seg framleis, og politiet er difor interessert i kontakt med alle som kan ha opplysningar om kven mannen er, seier han.
Mannen er fanga opp av fleire overvakingskamera, og videoen er ein del av til saman 6000 timar med videoovervaking politiet har samla inn i saka.
Forsvinninga av Anne-Elisabeth Hagen har vore under etterforsking sidan 31. oktober 2018. Ektemannen Tom Hagen vart seinare pågripen og sikta for drap og medverking til drap. Tom Hagen nektar straffskuld.
Tidslinje over Anne-Elisabeth Hagens forsvinning
31. oktober 2018 forsvant Anne-Elisabeth Hagen (68) fra sitt hjem på Fjellhamar utenfor Oslo. Hagen er gift med investoren og milliardæren Tom Hagen (70). 28. april 2020 ble Tom Hagen pågrepet av politiet.