Har ingen plan for valdagen

Svineinfluensa kan hindre nordmenn i å røyste ved stortingsvalet i september.

Utanfor legevakte i Trondheim er folk synlig bekymra
Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Kilde: NRK

Både regjeringa og Folkehelseinstituttet fryktar at stortingsvalet i haust kan rammast av svineinfluensaen , og har sett i verk tiltak for å sikre at sjølve valavviklinga skal kunne gjennomførast også i ein krisesituasjon.

Tiltaka inneber å ha fleire valfunksjonærar i bakhand, dersom nokre skulle verte sjuke på valdagen.

Men regjeringa har ikkje tenkt på kva influensaen kan gjere med valdeltakinga. Problemstillinga er i alle fall ikkje diskutert så langt, fortel Elisabeth Dale i kommunikasjonseininga i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Vi følgjer situasjonen fortløpande og ser det som svært viktig at folk får høve til å røyste, seier ho.

LES ALT OM SVINEINFLUENSA

Valet er gyldig uansett valdeltaking

Fungerande ekspedisjonssjef Christine Hjortland i Kommunal- og regionaldepartementet gjer det klart at vallova ikkje gjev nokre minimumsgrenser for kor høg valdeltakinga må vere. Valet er gyldig same kva.

- Av den grunn er det ikkje behov for særskilte tiltak for å nå eit bestemt nivå av valdeltaking, seier ho.

- Viktig at folk får røyste

Elisabeth Dale ser likevel ikkje vekk frå at det kan verte aktuelt å setje i verk ekstra tiltak for å sikre ei viss valdeltaking.

Kva for tiltak det kan verte aktuelt å sjå på, har ho førebels ingen kommentarar til.

Departementet syner til at det allereie i dag er mogleg å førehandsrøyste, også for dei som bur i Noreg. Denne ordninga er ny i år, og er sett i verk for å få flest mogleg til å delta i valet.

Les: Stortingsvalget har startet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger