Problema tårnar seg opp for SAS.
Det skriv analysesjef i Nordea, Hans-Erik Jacobsen, i ein fersk analyse.
Rasande kundar irriterer seg over kansellerte flyavgangar, selskapet går med underskot og dei har problem med leveransen av nye fly.
I går la konsernsjef i SAS, Anko van der Werff, fram ein ny plan for å redda flyselskapet frå store underskot.
Planen er å henta inn 9,5 milliardar svenske kroner og gjera om 20 milliardar kroner i gjeld til aksjar.
Analysesjef i Nordea, Hans-Erik Jacobsen, meiner kriseplanen er urealistisk.
– Planen til SAS-sjefen om å redda selskapet verkar umogleg å få til, skriv Jacobsen i ein fersk analyse.
Han meiner aksjekursen vil falla til 10 svenske øre og tilrår kundane å selja SAS-aksjen.
Dårlege odds
Flyselskapet har nærmare 30 milliardar kroner i gjeld og over 5 milliardar i negativ eigenkapital.
– Så utsiktene ser ikkje lyse ut, seier Jacobsen.
Alt avheng av at SAS lykkast i å realisera ein ambisiøs spareplan kalla «SAS Forward» som kom i februar.
Analysesjef Hans-Erik Jacobsen i Nordea.
Foto: Pressefoto / NordeaMålet er å spara 7,5 milliardar kroner i året og legg til grunn at dei tilsette er med på laget.
Men pilotforeininga i SAS har gjort det klart at dei ikkje signerer viss ikkje 450 oppsagde flygarar får jobbane tilbake.
Det har SAS ingen planar om.
I tillegg er leasingselskapa lite interessert i å gjera om gjeld til aksjar.
Neste steg kan vera ein rettsleg rekonstruksjon av SAS som liknar på det Norwegian gjorde med kreditorane sine for eitt år sidan.
På den måten kan SAS tvinga långivarane til forhandlingsbordet.
Spår nesten verdilaus aksje
Samtidig som den nye kriseplanen blei presentert, la selskapet også fram eit nytt underskot på 1,6 milliardar kroner.
Etter børsen opna tysdag, fall SAS-aksjen med 9 prosent. Aksjen har vore fallande sidan midten av februar, og ligg på litt over 70 øre onsdag.
No trur Nordea at aksjen blir nærmare verdilaus, med ein verdi på 10 svenske øre, og tilrår kundane å selja.
Den nederlandske konsernsjefen i SAS er tydeleg på at SAS ikkje er utsett for ein akutt konkursfare fordi selskapet har 8 milliardar kroner i kassa.
– Men ei langsiktig løysing må på plass for at SAS kan stå på eigne bein, sa han.
Noreg kan bli eigar igjen
Analysesjef Jacobsen konkluderer med raude tal for SAS heile 2022.
Under pandemien fekk SAS eit lån på 1,5 milliardar frå den norske staten.
Dersom flyselskapet går med på å gjera lånet om til aksjar, vil staten igjen bli eigar av SAS.
NRK har vore i kontakt med Næringsdepartementet, men dei ville ikkje kommentera saka i dag.