Hopp til innhold

Har ikkje svenske-svar til ESA

Overvakingsorganet ESA ville vite kvifor ikkje Noreg heldt løftet sitt om å la EØS-reglane få forrang, slik dei hadde lova i eit møte om Sverige-saka i 2017. Arbeids- og sosialdepartementet vil ikkje svare på det avgjerande spørsmålet fordi trygdeskandalen blir granska.

Trygdeskandalen

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) møtte i november i Stortinget for å gjere greie for trygdeskandalen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

ESAs oppgåve er å sjå til at medlemslanda som er bunde av EØS-avtalen følgjer reglane i avtalen.

I 2015 bad ESA Noreg gjere greie for synet på trygdeeksport.

Dette var knytt til ei sak om ein nordmann som klaga på at vedkomande ikkje fekk ta med seg arbeidsavklaringspengar til Sverige.

Fekk ikkje opphalde seg i Sverige

Den norske borgaren hadde fått avslag på søknaden om å opphalde seg i Sverige. Klagen leia rett nok ikkje ut i ei sak frå ESA mot Noreg då ESA ifølgje Rett24 meinte klagaren, i dette konkrete tilfellet, ikkje hadde grunnlag for klagen.

Likevel har ESA sendte eit brev til Noreg etter at trygdeskandalen vart kjent.

Der ber dei om ei forklaring på kvifor ikkje norske styresmakter gav reglane i EØS-avtalen forrang framfor nasjonal lovgjeving, slik dei hadde lova i møtane med ESA etter Sverige-saka.

Vil vente på gransking

I dag kom svaret frå Arbeids- og sosialdepartementet til ESA.

I svaret (nummer sju) vil ikkje den norske regjeringa gå inn i realitetane i vurderinga om kvifor dei ikkje hadde gitt EØS-reglane forrang i sakene som blei presentert på pressekonferansa i oktober.

«Spørsmålet er innanfor mandatet til den uavhengige granskingskommisjonen som er beden om å undersøke dette» skriv Arbeids- og sosialdepartementet til ESA.

«Departementet vil vente på konklusjonar frå granskingskommisjonen før vi dreg ein endeleg konklusjon i denne saka» skriv departementet vidare.

NRK har spurt Arbeids- og sosialdepartementet om det manglande svaret, statssekretær Vegard Eian svarer føgjande på epost:

– Departementet har svart ESA etter beste evne, og det er ikkje alt vi har svaret på enno. Granskingsutvalet skal gje oss skikkelege svar på hovedspørsmålane om korleis feilen kunne oppstå, og korleis det kunne gå så lenge før den ble avdekka. Utvalet skal levera utredninga si innan 1. juni 2020.

NRK forklarer

Kva er trygdeskandalen?

Kva er trygdeskandalen?

Ei rekke nordmenn er straffa fordi dei fekk støtte frå Nav medan dei var i utlandet.

Minst 80 kan vere feildømte i retten. Rundt 4100 saker er feilbehandla. Dette er trygdeskandalen. 

Kva er trygdeskandalen?

Kven er ramma?

Dei som har fått sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar - og som reiste til andre europeiske land.

Kva er trygdeskandalen?

Kva er feilen?

Nav stilte krav om at dei som fekk slik støtte måtte opphalde seg på norsk jord. Men EØS-avtalen slår fast at alle kan bevege seg fritt.

Kva er trygdeskandalen?

Kven har gjort feil?

Mange. Nav, regjeringa, domstolane, Stortinget, politi og påtalemakt har alle hatt feil forståing av reglane. 

Kva er trygdeskandalen?

Kor lenge har det pågått?

Reglane har vore tolka feil sidan det kom eit nytt EU-regelverk i 2012. Kanskje var det gjort feil også før det.

Kva er trygdeskandalen?

Kva skjer no?

Alle sakene blir gjennomgått. Dei som er ramma ventar på å få pengane tilbake. Eit granskingsutval har undersøkt korleis det kunne skje.

Dette er trygde­skandalen

ESAs pressetalsmann Øystein Solvang opplyser til NRK at overvakingsorganet ikkje ønskjer å kommentere brevet ettersom det ikkje er innleia noka formell sak frå ESA mot Noreg.

– Oppsiktsvekkande

Det er oppsiktsvekkande at regjeringa og Anniken Hauglie ikkje svarer på spørsmål frå ESA, meiner medlem i kontrollkomiteen, Freddy Øvstegård (SV).

Han meiner det er snakk om grunnleggjande, viktige spørsmål.

– Verken eg eller SV kjem til å godta manglande svar til kontrollkomiteen. Opplysningsplikta gjeld statsråden i denne saka og, uansett om ho har sett ned ei ekstern gransking.

Han legg til at kontrollkomiteen har sendt liknande spørsmål til Hauglie, som ESA no ikkje får svar på. Det er viktig at Stortinget får informasjonen dei treng for å vite om dei har tillit eller ikkje til Hauglie.

– Vi opnar for å få foreløpige svar, og så kan vi få utfyllande svar når den eksterne granskinga kjem, seier Øvstegård.

Svar frå ESA

I ein e-post då trygdeskandalen sprakk i november, stadfesta ESA til NRK at dei behandla ein konkret klage i 2015.

Postjournalane viser at saka fleire gonger var tema i møte mellom ESA og norske representantar.

– Generelt så er det altså Noreg som har tolka EØS-reglene slik vi har sett. Saka gjaldt altså spesifikke kriterium som ikkje kan bli vurderte av ESA, men av norske styresmakter. Vi forventar at EØS-Efta-landa følgjer opp EØS-reglane korrekt, skreiv Solvang til NRK i november.

I ei tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at «Overvakingsorganet ESA ville vite kvifor ikkje ein nordmann som reiste til Sverige fekk arbeidsavklaringspengar.» Det riktige er at ESA ville vite kvifor ikkje Noreg holdt løftet sitt om å la EØS-reglane få forrang, slik dei hadde lova i et møte om Sverige-saka i 2017. Saka er oppdatert med denne presiseringa.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger