Hopp til innhold

Har ikkje sett sonen på over éin månad

Fem veker etter fødselen har Stian Brevik framleis ikkje møtt sonen i meir enn fem minutt. Når samfunnet no gradvis opnar att, vonar familien at dei snart kan vere saman på intensivavdelinga.

Kristiane Gjerstadberget og Sitan Brevik

FÅR IKKJE SJÅ SONEN: Paret bur saman på sjukehushotellet, men Stian får likevel ikkje treffe sonen.

Foto: privat

– Eg såg han i fem minutt etter at han kom ut. Det var rett før han blei lagt i kuvøsen, fortel Stian Brevik.

Ut over dette har den nybakte faren berre sett sonen på bilete. Sonen vart fødd tolv veker for tidleg, og har sidan vore lagt inn på intensivavdelinga for nyfødde på Ullevål sjukehus.

Koronapandemien gjorde situasjonen enda meir krevjande. Av smittevernomsyn, får far nemleg ikkje vere til stades på avdelinga.

– Det er veldig spesielt. Eg har jo ikkje fått lov til å prøve å vere pappa enda, så eg har følt meg veldig på sidelinja. Det er òg litt trist med tanke på sambuar som har tatt heile støyten. Eg har ikkje fått bidra så mykje.

Tøffe veker

Også sambuar og mor Kristiane Gjerstadberget fortel om tøffe veker.

– Det er skummelt å føde for første gong, og i tillegg kom jo sonen vår såpass tidleg. Det fører med seg mykje redsel og usikkerheit. Tanken på å skulle stå i det heilt aleine var veldig, veldig skremmande.

Kristiane Gjerstadberget på nyføddintensiven

INTENSIVAVDELING: Kristiane Gjerstadberget og sonen har vore fem veker på nyføddintensivavdelinga på Ullevål etter at sonen vart fødd for tidleg.

Foto: privat

Stian fekk vere med på fødselen, men ikkje etter det.

– Det har vore ganske einsamt til tider, og spesielt har det vore vondt at far ikkje har fått møtt barnet sitt, seier Kristiane.

Ulogisk

Trass i at han ikkje kan treffe sonen, får Stian bu saman med Kristiane på sjukehushotellet.

– Vi er veldig takksame for at han får lov til å vere saman med meg. Det har absolutt gjort det tryggare, fortel Kristiane.

Likevel undrar ho seg over kvifor Stian då ikkje kan treffe sonen, når dei begge knapt har treft andre menneske. Ho synest det heile er litt ulogisk.

– Viss han kan vere saman med meg, blir jo eg automatisk ei mogleg smittekjelde, og då forstår eg ikkje kvifor han ikkje vere saman med sonen sin.

Paret har stor respekt for smittevernreglane på sjukehuset, og skryter av oppfølginga dei har fått på avdelinga. Når samfunnet no byrjar å opne att, vonar dei likevel at det kan bety ei endring for dei også.

– I byrjinga hadde vi stor forståing for at han ikkje fekk vere på sjukehuset, for stort sett heile samfunnet var lukka, men no når samfunnet gradvis opnar meir og meir, opplever eg det litt rart at det ikkje skjer noko for oss også, seier Kristiane.

Må vurdere tiltaka

Jordmorforbundet meiner det no er på tide å vurdere om ein bør lette på smitteverntiltaka også på nyføddintensivavdelingane. Dei ønskjer at det skal bli gjort konkrete vurderingar i kvar einskild sak.

– Vi ser at samfunnet elles opnar att, og fleire og fleire fødeavdelingar og barselavdelingar opnar for at partnar er til stades på barsel. Då er det naturleg at det blir vurdert om det kan vere mogleg for far å møte barnet i trygge rammer der smittevern blir tatt omsyn til, seier Hanne Charlotte Schjelderup, leiar i Jordmorforbundet.

Leder i Jordmorforbundet

MÅ VISE SKJØN: Hanne Charlotte Schjelderup i Jordmorforbundet ønsker at det skal bli gjort ei konkret vurdering i kvar enkelt sak, og viss det er mogleg bli vist fagleg skjønn slik at begge foreldre kan møte barnet sitt.

Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI / NSF

Ho forklarar at den første tida med eit nyfødd barn er prega av sterke psykiske reaksjonar hos begge foreldre. I slike tilfelle kan både mor og far bli bekymra for forseinka tilknyting og familiedanning.

– Vi veit at besøksforbod kan vere nødvendig i koronatida, men samstundes er det viktig at det kan bli vist fagleg skjøn. Far til eit nyfødd barn er ikkje sidestilt med andre pårørande ved langvarige sjukehusopphald.

Besøksrestriksjonar

Heidi Ugreninov, avdelingsleiar ved nyføddintensiv avdeling på Ullevål, skriv til NRK at avdelinga er spesielt sårbar fordi mange av pasientane har eit umodent immunforsvar, samstundes som dei har eit svært spesialisert personale som er vanskeleg å erstatte. Det er òg risiko for at foreldre som oppheld seg i avdelinga må i karantene.

– Helsedirektoratet har av smittevernomsyn innført besøksforbod og vi må rette oss etter dette. Barn har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under opphald på sjukehus, og på nyføddintensiv er i hovudregel omsorgspersonen mor. Avdelinga gjer individuelle vurderingar, og i spesielle tilfelle får begge foreldra vere til stades.

Helsedirektoratet viser på si side til at det er opp til kvar einskild helseinstitusjon å vurdere korleis dei skal handheve retningslinjene.

Espen Rostrup Nakstad

RETTLEIAR: Assisterande helsedirektør Espen R. Nakstad forstår at det kan vere vanskeleg for helseinstitusjonane å vurdere besøk, og fortel at det difor vil komme ein ny rettleiar som skal gjere det enklare.

Foto: Ørn E. Borgen

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad fortel at dei arbeider med ein oppdatert rettleiar som skal gjere det enklare å vurdere og å gjennomføre slike besøk.

– Eg trur at så lenge det er smitte i samfunnet, sjølv om han akkurat no er ganske liten, vil sjukehus og intensivavdelingar vere svært utsette. Eg trur nok dette framleis vil måtte vere strengt, men det er òg viktig å gjere unntak i somme tilfelle dersom smittevern kan bli tatt omsyn til på ein god måte.

Gler seg til å bli kjent med sonen

Foreldra reknar med at dei må vere nokre veker til på sjukehuset før dei får reise heim, og kryssar fingrane for at dei begge skal kunne vere saman på intensivavdelinga innan den tid.

Og det går heldigvis etter alt å døme bra med sonen no.

– Eg gler meg veldig til å bli kjent med han og til å sjå korleis han ser ut. Eg har jo sett han i fem minutt, men då var eg litt i sjokk etter fødselen. Så det å få ta på han og sjå han vekse seg større, det gler eg meg veldig, veldig til, seier Stian Brevik.

AKTUELT NÅ