NRK Meny
Normal

Håper på normal trafikk på Gardermoen laurdag

– Vi jobbar hardt for at vi skal få til normal trafikk på Gardermoen i morgon laurdag, seier vakthavande direktør Knut Holen ved Oslo lufthamn Gardermoen seint fredag kveld.

Lange køer på Gardermoen.

Det var overfylt i terminalen på Oslo lufthamn Gardermoen i ettermiddag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Ved 22-tida fredag var det framleis ein del menneske i kø på flyplassen, men dei fleste har no kome seg av garde. Knut Holen seier til NRK.no at terminalen no er i ferd med å bli tømt for ventande passasjerar, men at dei enno har ein del bagasje som må ettersendast i løpet av natta.

Knut Holen

Knut Holen er vakthavande direktør på Oslo lufthamn Gardermoen.

Foto: Avinor

– Vi jobbar knallhardt utover natta for å sikre at trafikken skal gå som normalt i morgon, seier Holen.

Mindre trafikk

Det er langt færre flygingar laurdag enn det var fredag, og det er venta at rundt 45.000 passasjerar skal reise frå Oslo lufthamn Gardermoen i løpet av morgondagen, mot 90.000 fredag.

Fredag var ein marerittaktig dag for mange flypassasjerar på Gardermoen og i resten av landet. Det uvanleg kraftige snøvêret i går skapte store problem i går, og desse problema forplanta seg til i dag. Problema kom på eit verst tenkjeleg tidspunkt på den store utfartsdagen før påske.

Det var store forseinkingar utover føremiddagen, og midt i den travlaste tida i ettermiddag var det full stopp for bagasjehandteringa, og dermed var kaoset fullstendig.

– Dette var det siste vi trengde no, sa ein oppgitt pressetalsmann Joachim Westher Andersen til NRK.

Klipp fra Kveldsnytt

VIDEO: Betre på Gardermoen i kveld.

Vurderte å stenge alkoholserveringen

Fortsatt flykaos - ber passasjerene holde motet oppe

Overfylt i terminalen

Terminalen på Gardermoen var stappfull av menneske utover dagen og kvelden, men seint i kveld er det altså i ferd med å bli rolegare.

Det var mange fortvilte reisande på flyplassen i dag. Mange har venta sidan tidleg i dag, og mange prøvde å få alternativ transport. Flyselskapa sette opp bussar for å frakte passasjerar dit dei skulle.

Ei skuleklasse takka ja til busstransport heilt til Tromsø, ei reise på over 20 timar.

Mange av dei som hadde venta lenge klaga på manglande informasjon frå flyselskapet dei skulle reise med.

30 000 flere påskeflyr fra Gardermoen

Venting på flyplassen

Ventetida vart lang for mange reisande på Gardermoen i kveld. Her er nokre skuleelevar frå Loppa.

Foto: Privat
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger