Hopp til innhold

Håpar vegpengar skal gi kommunesamanslåing

Regjeringa og støttepartia lokkar med ekstra pengar til vegutbygging for å få kommunar til å slå seg saman. I første omgang er det snakk om 50 millionar kroner, men det kan bli meir i revidert statsbudsjett til våren.

Innslag frå Dagsrevyen.

VIDEO: Håper pengar til veg skal gi samanslåing av kommunar.

Det er berre litt over eit halvår igjen før fristen regjeringa har sett for samanslåing av norske kommunar går ut. Ikkje alle er like nøgde med framdrifta, men fleirtalet i kommunalkomiteen på Stortinget lanserer no endå ei gulrot for å få fortgang i prosessen.

Dei legg no 50 millionar kroner i potten for utbygging av infrastruktur i kommunar som vil slå seg saman med andre. Det blir ikkje så mange vegmeter for 50 millionar, men kommunalkomiteen lovar meir pengar til gode prosjekt i revidert statsbudsjett til våren.

Meir pengar i potten

Helge Andrè Njåstad (Frp).

– Vi håpar at dette er det som skal til, seier Helge André Njåstad (Frp).

Foto: NRK

Av dei 428 kommunane vi har her i landet, har berre tre slått seg saman. To har søkt om samanslåing, to har søkt om utsett frist. Nokre kommunar har gjort avtalar om samanslåing, men dei fleste er i ein utgreiingsfase.

– Vi legg fleire pengar i potten, og vi håpar at det er det som skal til for å få norske kommunar til frivillig å slå seg saman innan fristen 1. juli neste år, seier kommunalpolitisk talsmann i Framstegspartiet, Helge André Njåstad.

– For mange kommunar har dette med samanslåing vore krevjande. Vi ser at det er naudsynt med ei anna innretning, og vi håpar at for kommunar med behov for vegutbygging, så kan dette vere ei ekstra oppmuntring til å slå seg saman, seier Geir Toskedal, kommunalpolitisk talsmann i KrF til NRK.

Sundtoft: – Klimaendringer et argument for kommunesammenslåing

Få kommuner rekker den første fristen

– Mange likar ideen

Frank Jenssen (H)

Frank Jenssen (H) trur at mange ordførarar og kommunepolitikarar verkeleg ynskjer samanslåing.

Foto: NRK

Frank Jenssen er kommunalpolitisk talsperson i Høgre. Han trur mange kommunepolitikarar synest det er ein god ide med samanslåing.

– Veldig mange ordførarar og kommunepolitikarar synest det er ein god ide med kommunesamanslåing, men mange synest også det er vanskeleg å drive prosessen lokalt og sjå gevinsten av det. Desse ekstra pengane kan gjere det enklare å velje samanslåing, seier han til NRK.

Forsker frykter en negativ kommunereform

– Her ligger nok nøkkelen til hvordan kommunestrukturen blir

– Vil ikkje ha effekt

Ordføraren i Sandnes i Rogaland, Stanley Wirak (Ap) trur ikkje 50 millionar ekstra til infrastruktur vil ha ein effekt.

– 50 millionar fordelte på over 400 kommunar, det blir ikkje noko av det. Det er ikkje desse tinga som avgjer. Det er nærleik til demokratiet og korleis folk oppfattar kommunen sin i dag, seier han-

AKTUELT NÅ