NRK Meny
Normal

Håpar "Berserk" har tekniske feil

Fred og Supern, kjende frå tidlegare «Berserk»-ekspedisjonar, håpar i det lengste at det er tekniske feil med kommunikasjonsutstyret som er årsak til at «Berserk» no er sakna i Sørishavet.

Video - "Berserk" er bygd for Sørishavet

VIDEO: Sjå intervjuet med Fred og Super'n. Kort versjon.

I eit intervju med NRK fortel dei to at det også tidlegare har vore problem med satelittelefonen om bord under vanskelege verforhold. VHF-radioen har kort rekkevidde. Dei håpar i det lengste at det går bra med båten og dei tre om bord.

Båten er bygd for ishavsekspedisjoner

Fred og Super'n
Berserk på en tidligere ekspedisjon

'Berserk' på en tidligre ekspedisjon.

Foto: wildvikings.com

Når veret er ekstremt, blir det lett fukt i heile båten.Og det skal ikkje meir til enn litt fukt på naudpeilesendaren, før han kan bli utløyst.

Ekstreme påkjenningar

Og det kan skje, seier dei, utan at dei om bord er klare over det.

Fred, eller Fredrik Juell, og Super'n, med det sivile namnet Rune Ohlsgaard, fortel at "Berserk" er bygd for å tole ekstreme påkjenningar nettopp i polare område. Dei håpar i det lengste at det er tekniske årsaker med kommunikasjonsutstyret som gjer at det ikkje er mogleg å få kontakt med seilbåten.

Det er håndholdte satellittelefoner om bord, og de kan være ustabile når det er dårlig vær. Det har vi opplevd før.

Fred og Super'n

Dei to fortel at "Berserk" er bygd for å tole ekstreme påkjennngar i polare område, og at utstyret om bord er det beste. Men det er ingen komfort om bord, det er blant anna ikkje varmeapparat. Så det er uansett ikkje behageleg å vere om bord i dårleg ver, kan dei fortelje.

Dei to karakteriserer forholda i Sørishavet som dei tøffaste i verda, og at dei no er oppe i ein «hardcore» hauststorm.

Under kan du sjå heile intervjuet med Fred og Super'n.

Video - Håper på teknisk feil med "Berserk"

VIDEO: SJå intervjuet med Fred og Super'n. Lang versjon.

Rapporterte frå Antarktis

Nitimen på NRK P1 har kvar veke sendt telefonrapportar der Jarle Andhøy har fortalt om ekspedisjonen og situasjonen til båt og mannskap. Førre opptak blei gjort onsdag¨sist veke.

Då sa Andhøy at han og kompanjongen hadde køyrt firhjulingar over isen til fastlandet i fire døgn, og at dei endeleg hadde kome seg fram til Ross Shelf, som er verdas største isshelf.

– Det å passa båten er eigentleg ei vel så tøff oppgåve som å ferdast på isen her. Der rører det seg store isflak som lett kan knusa båten om dei ikkje flyttar den med naturkreftene, fortalde Andhøy i Nitimen
LES OGSÅ: - Ingen kjenner Berserk som Jarle

LES OGSÅ: Berserk: – Vurderer å sende inn fly

LES OGSÅ: «Berserk» savnet i Sørishavet

LES OGSÅ: – «Berserk» søkte ikke om tillatelse til å gå inn i Antarktis

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger