Hanne Marthe Narud er død

Ein av Noregs mest siterte kvinnelege professorar, Hanne Marthe Narud, døydde i går, 54 år gammal.

Hanne Marthe Narud

Hanne Marthe Narud var hyppig sitert av NRK.no om norsk politikk.

Foto: UiO

Narud arbeidde som professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i ei årrekkje, og var hyppig sitert i norsk media om norsk politikk.

Ho har blant anna fungert som valekspert for TV 2, og var ofte sitert av NRK – så seint som i slutten av juni.

– Ho var ei av fakultetets mest kompetente, og var alltid oppdatert. Ho beherska kombinasjonen høg fagleg standard og god formidlingsevne, seier dekan Fanny Duckert ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiO.

Universitetet opplyser at Narud har vore heilt sentral i valforskinga i Noreg.

– Me opplever dette som eit stort tap for fakultetet.

Narud døydde av kreft etter kort tids sjukdom. Ho vart 54 år gammal.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger