Både Espen Bergh (55) og Cecilie Østensen Berglund (44) er i dag lagmenn i Borgarting lagmannsrett. Hanne Harlem, som (51) er kommuneadvokat i Oslo, er innstilt som nummer fire på lista til Innstillingsrådet, etter Bergh, Berglund og Borgar Høgetveit Berg (46).
Høgetveit Berg er advokat og partnar i advokatfirmaet Thommessen. Innstillinga var samrøystes, opplyser Innstillingsrådet.
20 dommarar
Innstillingsrådet består av Yngve Svendsen, Bjørn H. Borg, Bjørn Goksøyr, Ellen M. Martens, Gunnar Kjønnøy og Berit Sollie.
Det er i alt 20 dommar i Høgsterett, som er den øvste domstolen her i landet.
Høgsterett utgjer saman med Stortinget og regjeringa dei øvste statsorgana. Stortinget utøver den lovgivande makta, regjeringa har den utøvande makta og Høgsterett er den øvste dømmande makta.
Uavhengig
Høgsterett er uavhengig av regjeringa, og domstolane, med Høgsterett i spissen, kan blant anna prøve om eit vedtak i regjeringa er i samsvar med lova, og om lovgivinga i Stortinget er i samsvar med Grunnlova.
Høgsterett vart etablert i 1815. I dei fleste sakene er det fem dommarar, men i visse tilfelle kan ei sak behandlast i storkammer med 11 dommar, eller i plenum av ein samla Høgsterett.