Hopp til innhold

Han gav ho diplomatisk kjeft etter pågripinga av NRK-journalistane

I eitt telefonmøte torsdag måtte den qatarske ambassadøren tole hard kritikk frå Noreg etter pågripinga av dei to NRK-journalistane.

Sheikha Moza bint Nasser bin Ahmad Ali Al-Thani og Vebjørn Dysvik

TOPPSJEFAR: Sheikha Moza Bint Nasser bin Ahmad Ali Al-Thani er ambassadør for Qatar i Noreg, Sverige og Finland. Vebjørn Dysvik er ekspedisjonssjef i regionavdelinga i Utanriksdepartementet.

Foto: Royal Court of Sweden / NTB

Sheikha Moza Bint Nasser bin Ahmad Ali Al-Thani er Qatar sin øvste utsending til Noreg, Sverige og Finland.

Tidlegare torsdag fekk ho telefon frå ein av toppsjefane i Utanriksdepartementet, Vebjørn Dysvik.

I det høgst formelle telefonmøtet, la Dysvik fram Noreg sitt syn på arrestasjonen av NRK-journalistane Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani.

Frå vår side blei det vist til regjeringa sine uttalar i går om at arrestasjonane av dei to journalistane var uakseptabel. Vi reagerte også på at dei blei haldne i varetekt i 32 timar og at utstyret deira blei konfiskert, seier pressetalsperson Ane Haavardsdatter Lunde, til NRK.

Ekspedisjonssjef Dysvik tok også opp at det var uheldig at den norske ambassaden ikkje blei varsla om pågripingane.

NRK-journalister arrestert i Qatar

Lokman Ghorbani og Halvor Ekeland då dei kom tilbake til Noreg denne veka.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Må sikre pressefridom

Møtet mellom den qatarske ambassadøren og den norske ekspedisjonssjefen var varsla på førehand, og før Fifa sende ut si omdiskuterte pressemelding onsdag kveld.

Men korleis ho reagerte på kritikken frå Noreg, ønskjer ikkje Utanriksdepartementet (UD) å seie noko om.

Vi gjentok utanriksministeren sin bodskap om kor viktig det er med pressefridom, og at vi er uroa for journalistar sin tryggleik. Vi gjentok også hennar bodskap om at qatarske styresmakter må sikre pressefridom både før, under og etter fotball-VM, seier Lunde.

NRK har forsøkt å få kontakt med den qatarske ambassaden, førebels utan å lukkast.

 NRK-journalistane Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani / Anette Trettebergstuen.

NRK-journalistane Lokman Ghorbani og Halvor Ekeland, fekk i dag besøk på jobben av kulturminister Anette Trettebergstuen.

Foto: Nicolai Eid Trondal / NRK

– Ekstremt kritikkverdig

Men også andre i regjeringa likar dårleg arrestasjonane.

I dag møtte kulturminister Anette Trettebergstuen dei to journalistane til eit møte i NRK sine lokale på Marienlyst.

Ho la ikkje skjul på kva ho meiner om det som har skjedd.

Det er jo eit ekstremt kritikkverdig angrep på den frie pressa. Det er fullstendig uakseptabelt, sa Trettebergstuen då ho møtte Ekeland og Ghorbani.

UD har no varsla dei også ønskjer eit møte med det qatarske utanriksdepartementet i Doha.

Der vil den norske ambassadøren truleg få framføre regjeringa sin kritikk til Qatar og det som skjedde med dei norske journalistane.

Reaksjonane har vore svært sterke etter pågripingane.

Det tok heilt fyr etter at Fifa onsdag ikkje ville beklage eller kritisere qatarske styresmakter for pågripinga av dei to NRK-journalistane Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger