Hopp til innhold

Han fekk terrormanifestet på e-post

Tidlegare stortingspolitikar Jan Simonsen var blant dei som mottok manifestet til Anders Behring Breivik cirka éin time før bomba small.

Jan Simonsen

Jan Simonsen mottok e-posten frå Anders Behring Breivik førre fredag, men sletta den med det same. No har han publisert den på bloggen Frie Ytringer.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Som NRK tidlegare har meldt sendte den terrorsikta Anders Behring Breivik ut sitt ideologiske manifest til ei rekkje personar rett før bomba i Regjeringskvartalet gikk av fredag.

Les: Sendte ut ideologisk bokmanus én time før bomben

I dag skriv The Daily Telegraph at det var i alt 1003 personar som mottok e-posten som var sendt klokka 14.09 fredag. 15.22 gjekk bomba av.

Blant desse er det 250 britiske mottakarar, som Scotland Yard har fått ei liste over.

Trudde det var søppelpost

Tidligare stortingsrepresentant Jan Simonsen var ein av personane som mottok manifestet. Det skriv han på bloggen Frie Ytringer i dag. Han trudde e-posten var søppel grunna den lange lista med mottakarar og sletta den med det same.

– Det er utruleg skremmande at han har sendt ut alle detaljane om planlegginga av angrepet før det skjedde. Ingen hadde jo moglegheit til å lese eit nesten 2000 sider langt dokument på den tida, seier Simonsen til VG Nett.

Simonsen har lagt ut heile e-posten frå Behring Breivik på bloggen. Behring Breivik skriv at han har sendt den til Facebook-vener eller vener av Facebook-vener. Simonsen meiner dette er grunnen til at nettopp han er blant mottakarane.

«At FYs (Frie Ytringer, journ.merkn.) redaktør mottok mailen skuldast nok at han har rundt 3500 eigne Facebook-vener, har som prinsipp å svare ja til alle som ber om å bli Facebook-ven, og derfor ikkje har nokon kontroll eller oversikt over kven Facebook-venene er», står det i bloggen Frie Ytringer.

Mottakarar: «Vesteuropeiske patriotar»

I e-posten forklarar den terrorsikta bakgrunnen for manifestet sitt og ber innstendig mottakarane om å sende det vidare. Han startar e-posten med å titulere mottakarane som «Vesteuropeiske patriot...»

«Dette kompendiet presenterer løysingar og forklarar nøyaktig kva som krevjast av kvar og ein av oss i dei komande tiåra», skriv han i e-posten.

I tillegg brukar han eit langt avsnitt på å forklare korleis ein får opna Word-vedlegget på ulike datamaskiner og Microsoft-versjonar.

Sendt til europeiske politikarar

Finske nettaviser meldte tidlegare at den finske nasjonalistiske politikaren Terhi Kiemunki hadde fått e-posten. Også den belgiske parlamentarikaren Tanguy Veys i det innvandringskritiske partiet Vlaams Belang har mottatt e-posten, skriv Dagbladet.

Han seier til det danske nyheitsbyrået Ritzau at e-posten er sendt til mottakaradresser i Belgia, Danmark, Tyskland, Frankrike, Italia, Finland, USA og Storbritannia.

AKTUELT NÅ