Hopp til innhold

Hamnespy spreier seg nordover på Vestlandet

Den uønskte arten hamnespy spreier seg stadig lenger nord. Det viser over 100 vassprøver som er tekne mellom Stavanger og Sognefjorden.

Havnespy - en uønsket art

Hamnespy er eit sekkdyr, men er meir ru enn andre sekkdyr, som ofte er glatte. Det sikraste kjenneteiknet er at den har stjerneforma opningar, årenett og store porer.

Foto: Åge Wee / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vassprøvene som vart tekne i Rogaland og Vestland fylke i desember viser at hamnespy har spreidd seg lengre nord enn hittil kjent. Prøvene er tekne av Norsk institutt for naturforsking (NINA) som del i ei kartlegging på oppdrag for Miljødirektoratet.

Den framande arten som legg seg som eit teppe på havbotnen blir òg kalla japansk sjøpung, eller sea vomit på engelsk.

Den spreier seg raskt og kan føre til store økologiske skadar fordi han fortrengjer andre artar. Dette kan få store konsekvensar for økologien og naturmangfaldet i norske fjordar og havområde.

Først påvist i 2020

Alle funna er gjorde i område med mykje industri og fleire oppdrettsanlegg.

Arten vart først påvist her til lands ved Engøy i Stavanger i 2020. han dekkjer no over 50 prosent av sjøbotnen der.

Funn ved Monstad

Det nordlegaste funnet av hamnespy er gjort i Fensfjorden like nord for Mongstad ved Bergen. Dette er eit område med mykje industri og fleire oppdrettsanlegg i nærleiken.

Funna er gjorde ved Skipevika, Sløvåg og litt lenger nord i Brandangersundet.

– Desse industriområda har mykje skipstrafikk, og funn av hamnespy her er alvorleg då det er sannsynleg at det fort kan spreiast vidare med båtane som ligg til kai der, skriv Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ein e-post til NRK.

Ellen Hambro

Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Risiko for oppdrettsnæringa

Det er kjent frå andre land at hamnespy kan føre til at oppdrett av skjel blir påverka fordi anlegg gror igjen. Det vekkjer derfor òg bekymring at det er gjort funn av arten i nærleiken av anlegg for fiskeoppdrett.

Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland arrangerte i januar eit informasjonsmøte retta mot oppdrettsnæringa, der både Havforskingsinstituttet, statsforvaltarane, Miljødirektoratet og andre direktorat deltok.

I februar har dei kalla inn til eit tilsvarande møte retta mot industribedrifter. Førebels er det ikkje kartlagt hamnespy lenger nord enn til Fensfjorden, men kartlegginga skal halde fram både nordover og sørover, og særleg i dei store hamnene der det er mykje skipstrafikk.

Anne Mari Wiwh Ottesen

Anne Mari Wiwh Ottesen i Slettaa Dykkerklubb fann hamnespy utanfor Vibrandsøya i Haugesund i september i fjor.

Foto: Tor Andre Johannessen
Havnespy funnen utanfor Haugesund.

Hamnespy funne ved Haugesund.

Foto: Tor Andre Johannessen

Nytt funn i småbåthamn

Etter Naturmangfoldloven har dei som er ansvarleg for aktivitetar i område med hamnespy ei plikt til å avgrense risikoen for at det spreier seg.

Nye funn er òg gjort nær allereie kjende funn i Stavanger, Haugesund og ved Askøy utanfor Bergen. Mellom anna vart hamnespy funne i ei småbåthamn på sørsida av Sølyst i Stavanger. I Egersund er det òg tidlegare funne hamnespy.

– Småbåthamna ved Sølyst har svært mykje aktivitet og båttrafikk i sommarhalvåret. Dette utgjer derfor ein stor risiko for vidare spreiing, og det blir svært viktig å få sett inn effektive tiltak og rutinar for å hindre vidare spreiing frå båthamna, seier Hambro.

I samband med hummarfisket i fjor vart det åtvara mot å flytte teiner i slike område.

Tor Bernhard Harestad, leder Sør-Rogaland fiskelag

Tor Bernhard Harestad, leder Sør-Rogaland fiskelag, er uroa over funna.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

Prøver teke frå kaiområda på Mongstad gir ikkje eintydige resultat, opplyser Miljødirektoratet. Førebels veit ein derfor ikkje sikkert om hamnespy òg er etablert på industribasen eller ikkje, og vidare undersøkingar må til.

Brukte ny miljø-DNA-metode

Kartlegginga av hamnespy er gjord ved bruk av miljø-DNA der ein undersøkjer vassprøver for å leite etter genmateriale som er unikt for arten. Havforskingsinstituttet er i gang med å kontrollere fleire av stadene der hamnespy vart påvist.

Miljødirektoratet har gitt Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) i oppdrag å gjere ei risikovurdering av etableringa og spreiing av hamnespy i Noreg, der dei skal sjå på kva tiltak som vil vere best å setje inn.

Komiteen skal levere forslag til tiltak innan påske. Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet samarbeider om å vurdere korleis lovverket kan brukast og om det trengst nye reglar.

Tiltak som kan vere aktuelle kan vere å unngå unødvendig aktivitet i område der hamnespy er påvist. Dei som har båt i områda kan òg bidra til å redusere spreiing av hamnespy ved inspeksjon og reingjering av utstyr.

AKTUELT NÅ