Hopp til innhold

Breivik fortalde halvsystera om «manifestet»

Anders Behring Breivik var villig til å døy for «prosjektet» sitt. Det fortel halvsystera i USA, som var ein av dei få som hadde jamnleg kontakt med Breivik i tida før 22.juli.

Trehjulsykkel ved Behring Breiviks barndomshjem

Anders Behring Breivik hadde eit godt forhold til halvsystera som han vaks opp saman med på vestkanten i Oslo. I vaksen alder fortalde han henne mykje om skepsisen mot islam og sin politiske ståstad.

Foto: Kjell Herning / NRK

Anders Behring Breivik hadde jamnleg kontakt med halvsystera si, som har budd i USA i 20 år. I starten av desember i fjor reiste norsk politi difor til San Diego, USA for å avhøyra halvsystera til Anders Behring Breivik.

NRK kjenner til innhaldet i dette avhøyret, der ho blant anna fortel at ho visste Breivik skreiv ei bok om at muslimane inntok Europa.

– Ville døy for saka

Breivik sa til henne at han ville dedikera livet sitt til skrivinga av denne boka om innvandring. Ein gong i 2011 skal han, ifølgje halvsystera, også ha sagt til mor si at han var førebudd på å døy for denne saka.

Halvsystera var uroa over at broren ville forfatta ei slik bok. Ho skal ha sagt til Breivik at han var gal som kunne meina noko slikt.

Då ho i avhøyr får spørsmål om sakkunnig-rapporten som stemplar Breivik som paranoid schizofren og utilrekneleg, er ho likevel usamd i måten rettspsykiatrane vurderer sinnstilstanden til halvbroren.

Hadde han vore sinnsjuk, ville han ikkje greidd å planleggja terroren og samstundes leva eit såpass tilsynelatande normalt liv, meiner halvsystera.

Avviser omsorgssvikt i barndommen

Dei to vaks opp saman hjå mor på Oslos vestkant. Som Breivik, stiller også halvsystera seg uforståande til psykolog-rapportar og diverse kjelder som fortel om alvorleg omsorgssvikt i heimen.

Dei hadde ein normal oppvekst, og det var ingenting uvanleg med Breivik i oppveksten, minnast ho.

Halvsystera flytta til USA då ho var 18 år gamal, og har budd der i 20 år. Etter at ho flytta har syskenparet ofte hatt kontakt via internett, e-post, chatteprogram og Facebook.

Dei sende også meldingar og snakka med kvarandre på mobiltelefon. Dei siste åra har dei snakka saman opp til fem gonger i året, opplyser ho.

Tre gonger reiste Breivik til USA for å vitja halvsystera si: i 2001, 2003, 2004. Etter det blei det ikkje fleire turar fordi «budsjettet var for stramt », skriv han i det 1500 sider lange kompendiet sitt.

Halvsystera gav fleire gonger uttrykk for at ho ønskte å besøka Breivik og mora i Noreg, men den terrorsikta halvbroren var negativ til dette. I ettertid vurderer ho det som at han var redd for at ho ville snoka rundt på datamaskinen hans og fatta mistanke om terrorplanane.

Anders Behring Breiviks manuskript

Anders Behring Breivik fortel om hyppig kontakt med systera i sitt såkalla manifest.

Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / Scanpix/faksimile

Omtalar systera som kynisk og apatisk

Av sine fire halvsysken er den 38 år gamle halvsystera i USA den Breivik hadde best forhold til, fortel han sjølv i det såkalla manifestet sitt.

Han omtalar henne likevel som ein apolitisk, kynisk karrierejeger.

«Eg forstår tankegangen fordi eg har vore slik sjølv. Likevel er det denne typen apati som er rota til alle problema i USA og særleg i Vest-Europa», skriv Breivik i kompendiet sitt, der han manar til krig mot såkalla kulturmarxisme og den auka islamiseringen av Europa.

Sjølv om halvsystera var ein av få som hadde kontakt med Breivik i tida før terroråtaka den 22.juli, hadde ho ingen kjennskap til den grufulle terroren han snart skulle utføra.

Til politiet fortel ho at ho aldri har sett Breivik sint, aggressiv eller valdeleg. Den einaste slike episoden ho kan hugsa var då han som 6-åring reiv av beina på ein edderkopp som ho var redd for.

Uroa for Breivik

I avhøyr skildrar den utflytta 38-åringen Breivik som ein løyndomsfull, intelligent og stille men gøyal person. Ho var alltid oppteken av at Breivik hadde det bra, og at han sette seg mål i livet sitt.

Breivik droppa ut av vidaregåande rett før avgangseksamen i 1998. Han ville starta opp sitt eige firma og satsa på politikken, mål han sjølv meinte at han fint kunne nå utan å bruka tid på utdanning.

Han snakka i ettertid ofte med halvsystera om bedrifter og andre prosjekt han hadde i gjære, men ho var ikkje overbevist om at broren faktisk lukkast med dette. I lang tid var ho frustrert over at den ressurssterke broren ikkje var meir handlekraftig.

Ho fekk inntrykk av at også bokprosjektet var meir lause tankar og snakk enn handling.

(Saka held fram under biletet)

Hjemme hos Behring Breivik

Anders Behring Breivik flytta heim til mor si på Skøyen i 2006. Her fullførte han 'manifestet' sitt, medan han sa til familien at han spelte dataspel.

Foto: Grøtt, Vegard / Scanpix

Lukkeleg av dataspel

Særleg uroa vart halvsystera då Breivik i 2006 flytta heim til mor si på Skøyen att. Ho meinte han kasta vekk livet sitt, og registrerte samstundes at han blei meir oppteken av islam og muslimar.

Det var på dette tidspunktet Breivik intensiverte skrivinga av sitt 1500 sider lange såkalla manifest.

Breivik skal ha sagt at han var sliten, og at han ville ta seg eit friår frå jobbinga for å spela dataspel, blant anna «World of WarCraft». Spelinga gjorde han lukkeleg, argumenterte han.

I ein e-post til mora skreiv systera for eit par år sidan at ho var uroa for åtferda og livsførsla til bror sin. Samstundes avslutta Breivik skrivinga av manifestet bak pc-skjermen på guterommet i Oslo.

Hausten 2009 noterte Breivik i dagboka si at han var ferdig med boka og at «prosjektet gjekk inn i ein ny fase»: å skaffa alt han trong til den 900 kilo tunge kunstgjødselbomba som han detonerte i Regjeringskvartalet den 22.juli.

AKTUELT NÅ