Halvert Storting vedtek meir makt til regjeringa

I dag jobbar Stortinget med å gje meir makt til regjeringa for at den skal lose landet gjennom koronakrisa. Men halvparten av stortingsrepresentantane sit heime.

Bent Høie redegjør om koronavirus

Stortingspresident Tone W. Trøen lyttar til helseminister Bent Høie som gjer greie for koronakrisa for Stortinget. Det blir glissent i salen når Stortinget gir utvida makt til Høie og resten av regjeringa.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det er så vidt Stortinget klarer å halde seg til kravet i grunnlova når politikarane dei neste dagane samlar seg og gir regjeringa utvida fullmakter til å lose landet gjennom koronakrisa.

Halvparten

Paragraf 73 i grunnlova krev nemleg at minst halvparten av representantane – altså 85 – er til stades for at Stortinget skal vere lovleg samla.

Men koronaviruset bryr seg ikkje om grunnlova.

Også Stortinget er råka av smitte, karantene og heimekontor.

Inntil vidare går det akkurat. Stortingspresident Tone W. Trøen (H) har bestemt at nasjonalforsamlinga køyrer for halv maskin for å gjere lovvedtak i krisetid.

– Vi har det nødvendige talet på stortingsrepresentantar samla som grunnlova krev for å behandle viktige saker. Vi har valt å seie at Stortinget kan votere når det er 87 representantar til stades i salen, sa ho på onsdag.

H13QXW4THxE

MEINER DEI HELD SEG INNANFOR GRUNNLOVA: Stortingspresident Tone W. Trøen (H).

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Vararepresentantar og austlendingar

Styrken mellom partia er den same som om alle 169 representantar var til stades, men geografisk er det verre.

– Vi har valt å fly inn færrast mogleg representantar. Vi brukar dei som høyrer fast til i austlandsområdet slik at dei kan bruke eigen bil til og frå stortingsmøta, fortel trønderen Sivert Bjørnstad (Frp).

Han har jobben med å vere såkalla innpiskar for Frp. Det betyr at han sørgar for at partiet har riktig tal representantar til stades når Stortinget skal stemme.

– Vi ser på det som tryggast, det blir mindre smitterisiko på den måten.

– Det blir ein del vararepresentantar som møter no sidan det er mange som er i karantene. For eksempel er Nord-Noreg dårleg representert hos oss no, utdjupar Bjørnstad.

Fleire nordnorske kommunar har innført reglar der dei set folk som har kome frå sør-Noreg i karantene. Det råkar også stortingsrepresentantar frå nord.

– Kva tenker du om at eit halvert, geografisk skeivfordelt storting skal gje regjeringa utvida fullmakter?

– Det er det som er praktisk best i den situasjonen vi står i. Resultatet ville blitt det same sjølv om det var fleire representantar til stades, meiner Bjørnstad som vil at ein for framtida diskuterer om Stortinget kan gjere vedtak på andre måtar enn å samle seg fysisk i krisesituasjonar.

Sivert Bjørnstad

Geografisk skeivfordelt Frp-gruppe, fortel Sivert Bjørnstad.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Ikkje ønskeleg, men kanskje nødvendig

Torsdag gjesta Stortingspresident Tone W. Trøen (H) Politisk kvarter.

På spørsmål om kor demokratisk det er at dei som bur lengst unna Stortinget må vere heime, svarte ho at det er partia sjølve som har bestemt kven som no representerer dei på Stortinget.

– Vi har valt å førebyggje mest mogleg med tanke på sjukdom for å halde stortinget robust også framover. No har vi fleire som kan trå inn om andre må vere heime seinare, sa Trøen.

Sjå politisk kvarter med stortingspresident Tone Trøen (H), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og nasjonal talsperson i MDG Arild Hermstad.

Både stortingspresidenten, og Trygve Slagsvold Vedum som og gjesta politisk kvarter, understreka at ein tredel av stortinget kan stoppe forskrifter som «går for langt» når dei jobbar med å gje Regjeringa utvida fullmakter til å lose landet gjennom koronakrisa.

På spørsmål om han har er i tvil om å innføre denne typen lov svarte Vedum at dette er noko han trur alle dei folkevalde er, og dei som sit i regjering.

– Dette er på ingen måte ønskeleg, men det kan hende at det vert nødvendig, sa Vedum.

Trøen viste til at ein truleg må tilbake til 1950 for å finne tilsvarande tilfelle kor Stortinget gav regjeringa slike fullmakter.

Vedum viste til at den ekstraordinære situasjonen krever uvanlege tiltak.

– Vi må ha sikkerheitsforskrifter (som skal forhindre at regjeringa kan misbruke fullmaktene dei no får, jou.anm), men samtidig må vi kanskje tillate litt andre vilkår enn til vanleg for å sikre folk sine liv og helse, sa Vedum.

EH0bHUlq2Yk

TRUR ALLE ER I TVIL: Trygve Slagsvold Vedum meiner fullmaktene til regjeringa kan bli nødvendige, men trur alle dei folkevalde på er litt skeptiske til å forskyve maktfordelinga.

Foto: Terje Bendiksby / NTB SCANPIX

Alt anna utsett

– Dette seier jo mykje om alvoret i situasjonen, seier Terje Breivik som er leiar for regjeringspartiet Venstres stortingsgruppe.

No er Venstres gruppe normalt ikkje så stor uansett. Men i koronatider er den redusert frå åtte til tre.

– Den største konsekvensen er at vi i praksis har utsett all vanleg saksbehandling. Vi tek no berre saker som er viktige med tanke på konsekvensar av koronaviruset.

SISTE NYTT

Siste meldinger