Hopp til innhold

Hagen: – Erna Solberg har dolka Frp i ryggen

– Erna Solberg valde å vende ryggen til Framstegspartiet og følgje Venstre og Kristeleg Folkeparti. Det betyr at ho har dolka partiet i ryggen, seier tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen.

Carl Ivar Hagen.

Tidlegare leiar i Framstegspartiet, Carl I. Hagen, gir full støtte til avgjerda om å trekkje partiet ut av regjeringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I ettermiddag vart det klart at Framstegspartiet går ut av regjeringssamarbeidet med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre .

På telefon frå huset sitt i Spania, seier Hagen til NRK at han meiner det var uklokt av Erna Solberg å hente heim det han meiner er ein terrorist, og at ho kjem til å angre på avgjerda.

– Det er nok av born som er sjuke og har det vanskeleg både i denne leiren og andre stader, utan at nokon har lyfta ein finger for å hjelpe. Då regjeringa diskuterte denne saka i oktober i fjor gjorde Siv Jensen det klinkande klart kva Frp meinte. Likevel valde ho å lytte til KrF og Venstre, sjølv om ho eigentleg var meir einig med oss, seier Hagen.

Den tidlegare Frp-toppen støttar fullt ut avgjerda om å trekkje partiet ut av regjeringa. Han meiner at det viktigaste for partiet no er å bli størst mogleg gjennom å føre sin eigen politikk.

Terje Søviknes

Nestleiar Terje Søviknes går tilbake til kommune- og fylkestingspolitikken i Bjørnafjorden og Vestland.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Dette kjem på toppen av andre saker der Høgre har valt å lytte meir til KrF og Venstre enn til Frp. Dette var saka som fekk begeret til å flyte over, seier han.

Carl I. Hagen meiner det no ikkje er unaturleg med ein leiardebatt i partiet, etter alt som har skjedd dei siste åra.

Han viser til at Frp har vore eit regjeringsparti, men samstundes har talet på representantar i kommunestyrer og fylkesting gått ned.

– Skulder ved skulder

Stortingsrepresentant Henrik Asheim frå Høgre reagerer sterkt på skuldingane frå Carl I. Hagen om at Erna Solberg skal ha dolka Framstegspartiet i ryggen, og han kallar påstanden for meiningslaus.

– Vi har styrt landet saman i seks år og stått skulder ved skulder i vanskelege saker. Erna stilte opp for Sylvi Listhaug då regjeringa kunne ha blitt felt. Vi har samarbeidd godt med Frp heile vegen, og dette samarbeidet skal vi halde fram med i Stortinget, seier han til NRK.

Tilbake til lokalpolitikken

– Eg skal nok tilbake til lokalpolitikken på Vestlandet i både fylkeskommunen og kommunen, seier avtroppande eldre- og folkehelseminister Terje Søviknes. Han fekk berre fire veker i jobben før det var slutt.

Frp-nestleiaren seier at han er veldig nøgd med mykje av det partiet har fått til i regjeringa, men at det også er saker dei har måtta kompromisse på, og som han ikkje er like nøgd med.

– No står vi friare i tida som kjem enn det vi har gjort etter at Venstre og Kristeleg Folkeparti kom med i regjeringa og vi vart fire parti, seier Terje Søviknes til NRK. Han stilte til i fjor haust til val som ordførar i nye Bjørnafjorden kommune, ei samanslåing mellom Os og Fusa, men nådde ikkje opp.

Fem spørsmål og svar om Frps brudd med regjeringen

– Klart og tydeleg Frp

Fpr-politiker Sylvi Listhaug sitter i stortingssalen under Trontaledebatten 2019.

Nestleiar Sylvi Listhaug lovar eit klart og tydeleg Frp i Stortinget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Nestleiar Sylvi Listhaug har siste perioden vore olje- og energiminister, men no går vegen tilbake til Stortinget. Ho meiner det blir bra for Noreg å få eit klart og tydeleg Frp.

– Vi har vore med i ei upopulær regjering som har halde på med mange grå kompromiss over lang tid. Så kjem denne saka med å bruke masse pengar på å hente heim ei IS-kvinne, seier ho.

Listhaug lovar at partiet skal opptre ryddig i Stortinget, men at ei skal stå på sine saker. Ho gjer det klart at partiet ikkje vil ha Jonas Gahr Støre (Ap) som statsminister, men at dei ikkje vil berge regjeringa om det er saker Frp ikkje vil stå inne for.

Vedum om Frps regjeringsbrudd: – Kursen vil være det samme

– Ikkje ei vanskeleg sak

Jøran Kallmyr (Frp).

Justisminister Jøran Kallmyr meiner det no blir lettare å vise fram det partiet står for.

Foto: NRK

Justisminister Jørn Kallmyr var på besøk i ein flyktningleir i det afrikanske landet Rwanda då han fekk beskjeden om at Frp skal gå ut av regjeringa. Han er samd i at dette var det rette å gjere no.

– Det som er viktig for meg er at partiet har teke ei avgjerd som er bra for Noreg, og at vi får meir Frp-politikk. Det får vi med denne løysinga, og då er eg fornøgd. Så er det litt rart å stå midt i ein flyktningleir når ein får denne beskjeden. Men sånn er det, vi er på jobb til bjølla ringer, seier han til NRK.

På spørsmål om saka om IS-kvinna og borna har vore vanskeleg for Framstegspartiet, svarar han nei.

– Det har ikkje vore vanskeleg for meg som justisminister, eg har sagt nei heile tida. Eg forstår dei som ynskjer å redde barnet, det hadde vi også lyst til, men vi kan ikkje forhandle på den måten. No set vi også andre land under press for å hente heim IS-kvinner og IS-menn, for det er mange av dei som ynskjer å kome tilbake til seier Kallmyr.

Han minner om at ikkje alle land har eit forbod mot å vere med i terrororganisasjonar, slik som til dømes Sverige.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde

Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde er uroa over at regjeringa har forhandla med ein terrorist.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Sverige har det høgste talet IS-krigarar, og vi har alt sett i Sverige at ein tidlegare IS-krigar har gjort seg skuldig i drap, seier Jøran Kallmyr.

Venstre og KrF: Respekterer Frps avgjørelse

Synleggjering av partiet

Han trur at det grepet dei har gjort no vil synleggjere politikken til partiet betre.

-– Vi får synleggjort overfor veljarane at det er heilt uaktuelt å forhandle med terroristar, og det trur eg veljarane treng å vite, avsluttar justisministeren.

Avtroppande minister for samfunnstryggleik for Frp, Ingvil Smines Tybring-Gjedde, seier at partiet står fjellstøtt på verdiane og prinsippa sine, både i posisjon og i opposisjon.

– Situasjonen den siste tida forargar meg i eit stats- og samfunnstryggleiksperspektiv. Både på kort og land sikt uroar det meg når styresmaktene forhandlar med ein terrorist. Det skapar ein farleg presedens som Framstegspartiet har åtvara sterkt imot, skriv ho på Facebook.

AKTUELT NÅ