Hopp til innhold

Haga ba Miljø-Noreg om råd

Åslaug Haga vil satse meir på fornybar energi, og meiner Noreg heng etter på dette feltet.

Haga og Haltbrekken

Olje- og energiminister Åslaug Haga og Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I dag bad ho miljørørsla om råd for å bli best i klassen.

- Som eit første møte for å ha dialog med miljørørsla synes eg det er positivt at jo gjer det. Så langt eg veit har ikkje ein olje- og energiminister gjort dette før, sa  Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

- Mykje moro med miljøet

- Vi skal ha mykje moro framover, sa Åslaug Haga då ho møtte miljørørsla.

Ein etter ein dukkar miljøvernarane opp i møterommet med det oljebransjeinspirerte namnet "Storegga".

Den nye olje-og energiministeren vil vise at ho lyttar til miljørørsla, og har invitert på møte på kort varsel. Bellona har alt feira utnemninga av Haga med kake, og miljørørsla har store forhåpningar til statsråden frå Nes i Akershus.

- Vi har kravlista klar. Vi vil gjere Åslaug Haga til ein energispare-minister, seier Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

- Hei hei! smiler olje- og energiminister Åslaug Haga på veg inn i lokalet. Haga likar ikkje at vi er dårlegare til å satse på fornybar energi enn land som Tyskland, Sverige og Japan.

- Eg skal oppnå resultat på fornybar-feltet raskt. Då treng eg konkrete og praktiske råd, seier Haga.

Sju minutt taletid

Haltbrekken og dei andre miljøvernarane får sju minutt kvar til å presentere sitt syn.

Tidlegare har den norske regjeringa lova å lage ei like god støtteordning som det svenskane har, men det har dei ikkje klart, hevdar Natur og Ungdom i sitt innlegg.

- Då regjeringa la vekk dei grøne sertifikata, vart vi lova ei minst like god ordning. Men resultatet av dagens ordning er at vi praktisk talt har fått full stopp i utbygginga av vindkraft, seier leiar Bård Lahn.

 

 

- Må spytte inn pengar

Bellona-leder Frederic Hauge på møtet.

Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

Regjeringa sine prioriteringar taler også eit tydeleg språk: Det blir brukt kring 120 milliardar kroner i året på å utvinne olje og gass, og godt under ein milliard kroner på å bygge ut fornybar energi

- Det må masse pengar på bordet. No er det småpengar, seier Truls Gulowsen i Greenpeace.

- Verden brukar mindre pengar til forsking på fornybar energi i dag enn vi gjorde i 1980. Og den gong var vi mindre medvitne på trusselen ved farlege klimaendringar, seier Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

Og Åslaug Haga er positiv til å auke satsinga på fornybar energi og forsking.

- Vi treng å gå gjennom støtteordningane. Vi registrerer at det vert gjort store investeringar i andre land enn Noreg, til dels investeringar eg gjerne hadde sett vore gjort her, seier Haga.

- Vi vil få opp produksjonen av fornybar energi, og då må det gjerast investeringar i Noreg, legg ho til.

Usemje om vindmøller

Fleire organisasjonar seier at dei ynskjer vindmøller i fleng langs kysten, men Miljøvernforbundet er redde for biomangfaldet.

- Det er ei krigserklæring mot alle dei som bryr seg om den urørte kystnaturen, seier Åge Simonsen i Miljøvernforbundet, som berre vil ha vindmøller på stader der det er lita eller inga konflikt med andre viktige verdiar, som lokalt fugleliv.

Enkelte av møtedeltakarane kjem også med krav som Olje- og energidepartementet neppe vil godta med det første.

Håper dei får ei prinsesse "Vil ikke"

- Vi håper at ho blir prinsesse "Vil-ikke" som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, seier Lars Haltbrekken.

Det blir neppe aktuelt, sjølv for ein olje- og energiminister som har fått merkelappen "klimaminister" på seg.

- Fossilt vil vere viktig i åra framover. Det hindrar ikkje at vi set alle klutar til for å jobbe fram fornybar energi, seier Åslaug Haga.

AKTUELT NÅ