Haddy Njie ut mot Hadia Tajik i ny bok

Haddy Njie skuldar Ap-nestleiar Hadia Tajik for å drive kampanje mot ektemannen Trond Giske i boka «Dagbok 13. desember–13. februar» som blir lansert fredag.

Haddy Njie hos «Lindmo»

Haddy Njie har skrive bok og sine opplevingar då den dåverande sambuaren, no ektemann, Trond Giske, vart skulda for seksuell trakassering

Foto: NRK

Kona til Trond Giske, Haddy Njie, kjem i ei ny bok med hard kritikk av den rolla Tajik spelte då skuldingane mot mannen kom fram .

Ho skriv blant anna i boka at ho har fått stadfesta frå både partileiar Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng at skuldingane om seksuell trakassering vart formidla vidare til partileiinga av Hadia Tajik.

Dette står i boka:

«Han hadde fått bekreftet mistanken sin i møtet i dag. Partisekretæren fortalte at henvedelsene til partikontoret kom fra nestlederen. Partilederen hadde nikket bekymret. Ingen er levert av noen som mener seg krenket, hadde partisekretæren fortalt. Ingen har noe innhold som må følges opp. De havner hos de samme journalistene omtrent samtidig som de meldes inn».

– Eg samarbeider godt med Kjersti Stenseng, svarar Tajik på spørsmål om kva forhold ho har til partisekretæren i dag.

Reagerte på jurist-post

Ifølge boka var forholdet mellom Giske og Tajik kjøleg frå fyrste stund. Haddy Njie skriv at ektemannen kunne komme heim frå jobb og fortelje korleis han hadde fornærma Tajik utan å forstå kvifor. Eller at ho vart sint for ting han trudde ho ikkje ville bry seg om.

Njie skildrar i boka korleis ho og Giske reagerte då Tajik skreiv på eiga Facebookside at ho reagerte på varsla som jurist.

«Rystende lesing, som jurist? Som om det Trond har gjort, er lovbrudd. Grove lovbrudd. Det må vel til for å sjokkere en jurist?», spør Njie.

– Skal ikkje lese boka

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Nadia Tajik.

Hadia Tajik seier at ho ikkje har lese boka til Haddy Njie. Ho står fast på at Trond Giske braut Arbeidarpartiet sine reglar mot seksuell trakassering.

Foto: NRK

Hadia Tajik seier til NRK at ho ikkje har lese boka til Haddy Njie, og at ho heller ikkje har planar om det.

– Jonas Gahr Støre og Kjersti Stenseng har fleire gonger sagt at Trond Giske braut partiet sine retningsliner om seksuell trakassering, og eg støttar dei i dette, seier nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik.

På spørsmål om korleis ho reagerer på at boka kjem ut no, er svaret at ho tek det til etterretning.

– Har du, reint menneskeleg, forståing for kona til Giske sitt utgangspunkt?

– Ja, menneskeleg har eg forståing for dette. Men eg har også forståing for dei kvinnene som har opplevd dette på nært hald, og som opplever etterverknader av dette i dag.

I boka skriv Njie at Trond Giske i den aktuelle perioden var håplaust umoden, at han ikkje forstod at den maktposisjonen han hadde kunne mistolkast av andre. Han oppførte seg som om han berre var ein vanleg Trond frå Trondheim, går det fram av boka.

På spørsmål om ho er samd i denne karakteristikken av Giske, svarar ho:

– Det er ikkje naturleg at eg kjem med den typen karakteristikkar.

Det går fram av boka at korkje Haddy Njie eller Trond Giske meiner at episodane som er melde inn til partiet, er seksuell trakassering.

Giske kritiserer medienes håndtering: – Jeg mistet fotfestet

Etter fem år ble Haddy Njie og Trond Giske mann og kone.

Haddy Njie og Trond Giske gifte seg i Nidarosdomen tidlegare i år.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Eg veit kva som skjedde

– Ville det ikkje vere naturleg for deg å lese ei bok der du får så mykje kritikk?

– Eg veit kva som skjedde vinteren 2017–2018. Eg var der, og eg har ikkje eit personleg behov for å lese andre sine betraktningar av det som skjedde. Men det er ei ærleg sak å ha eit anna syn på det, svarar Ap-nestleiaren.

– Kva er ditt forhold til Trond Giske i dag?

– Han er ein del av stortingsgruppa til Arbeidarpartiet, og det er min jobb som parlamentarisk nestleiar å leggje forholda til rette for at han kan gjere ein god jobb for partiet. Og det ynskjer eg å gjere, seier Hadia Tajik.

Støre: Respekt og forståing

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier han ikkje har lest boka.

– Eg har respekt og forståing for at ho har skrive om ei tid som har vore krevjande for hennar familie. Men eg har sagt det eg har å seie om saka. Vi har konklusjonen, og eg har ingen fleire kommentarar i dag.

– Forstår du det menneskelege aspektet ved denne saka?

– Ja, det kan eg forstå, og det er mange andre som også har sterke menneskelege erfaringar i denne saka.

SISTE NYTT

Siste meldinger