I en første versjon av denne saken sa Bjørn Guldvog at vi må være forberedt på at flere tusen barn vil trenge spesialisthelsetjeneste i løpet av vinteren. I ettertid ønsket han å presisere sine uttalelser til at det sannsynlige tallet blir under 500 barn i løpet av vinteren. Han sier han selv tar ansvar for at budskapet ble feil.
Helsedirektør Bjørn Guldvog opplever fasen som vi no er inne i som krevjande. Grunnen er at det er vanskeleg å balansera gjenopning med moglege konsekvensar. Særskilt for borna.
– Vi må unngå at veldig mange av borna blir smitta samtidig, fordi det då kan bli mange som har behov for spesialisthelsetenesta samtidig, seier han.
I Noreg er det rundt 800.000 born som er under 12 år og som difor ikkje skal vaksinerast. Helsedirektøren seier at dei ikkje med sikkerheit kan seia kor mange av dei som vil bli smitta.
– Men det vil vera ein betydeleg del av dei under 12 år som sannsynlegvis blir smitta med koronaviruset, legg han til.
Fleire vil ha behov for sjukehushjelp
Danskane har anslått at rundt halvparten av borna under 12 år vil bli smitta komande vinter. Guldvog seier vi ikkje har grunnlag for å seia noko veldig annleis her i landet.
– Vi må førebu oss på noko liknande i Noreg også, seier han.
Slik Helsedirektoratet ser det no, kan eitt barn for kvart 250 barn som blir smitta, ha behov
Han presiserer at estimatet er beregna med utgangspunkt i tal frå Danmark, men at det er langt mer sannsynleg at talet koronainnlagte born vil være under 500.
– FHI har vurdert at det er mest sannsynlig at vi vil få mindre enn 500 innleggelser blant barn på grunn av covid-19 i løpet av vinteren. Byrden på barnet og helsetjenesten er altså sammenlignbar med det vi er kjent med fra andre sykdommer slik situasjonen ser ut i dag, sier Guldvog.
Sår tvil om gjenopning
FHI sine modellar seier at mellom ein og 1,6 millionar nordmenn kan bli smitta fram til juni neste år. Mange vil vera unge og ikkje bli alvorleg sjuke, men modellane seier også at vi i november kan få ein innleggingstopp.
- LES OGSÅ:
At fleire tusen blir lagde inn på same tid, og at 200 til 300 vil hamna på respirator, trur Guldvog ikkje er realistisk.
– Men vi må naturlegvis ha eit opplegg klart for å handtera situasjonar vi kjem inn i, seier han.
Regjeringa har varsla at det kan liggja an til ei gjenopning i slutten av september. Data er viktigare enn dato, presiserer Guldvog.
- LES OGSÅ:
– Det inneber at vi må sjå på situasjonen vi då er i. Vi må sjå om det er naudsynt å vidareføra delar av denne tiltakskjeda, eller om det er mogleg å gå til ein normalsituasjon med auka beredskap, held Guldvog fram.
– Så det er ikkje avgjort?
– Nei, det er ikkje avgjort, men at det vil skje i løpet av hausten er eg rimeleg sikker på.
Helseminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og Line Vold i Folkehelseinstituttet held pressekonferanse om koronasituasjonen i morgon onsdag klokka 14.