Hopp til innhold

Grøn Ungdom ber nordmenn dele hytta med andre

Grøn Ungdom vil stanse hyttebygging i urørt natur og seie nei til nye, store hyttefelt for å verne om naturen. I staden vil ungdomspartiet satse på organisert hyttedeling.

Hyttefelt i Øystre Slidre

Hyttefelt i Øystre Slidre i Oppland. Kommunen har 3478 hytter og fritidsbustadar.

Foto: Espen Bratlie / Samfoto

– Vi vil ha totalstopp av bygging i urørt natur og så vil vi ha stopp av større hyttefelt i meir rørt natur, seier talsperson Teodor Bruu i Grøn Ungdom.

Teodor Bruu i Grøn Ungdom

Teodor Bruu er talsperson i Grøn Ungdom.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

I Noreg er det heile 434.809 hytter og fritidsbustadar. Talet har auka med 10,3 prosent dei siste ti åra, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Den store utbygginga av hyttefelt er eit problem for naturen, meiner Grøn Ungdom.

– Vi tapar artar og biologisk mangfald av det, og det er ikkje berekraftig i det lange løp å bygge ut naturen på den måten, seier Bruu.

Han understrekar at dei er opne for å bygge ekstra hytter på tomter folk har frå før, men vil avgrense dei store hyttefelta.

Løysinga deira er å legge til rette for at folk kan dele både på hyttene og utstyr.

Vurderer 2000 nye hytter

Det går an å ta omsyn til naturen sjølv om det blir bygd nye hytter, meiner ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) i Vinje kommune i Telemark.

Jon Rikard Kleven, ordfører Vinje

Jon Rikard Kleven er ordførar i Vinje kommune i Telemark.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Det er ikkje avgjerande om vi tek i bruk nye område, men vi må sjå på konsekvensen av å ta nye område i bruk, seier Kleven.

Vinje rommar 5278 hytter og fritidsbustadar. Torsdag kveld var det folkemøte om utbygging av 3000 nye hytter i kommunen.

– Der har vi villreininteresser og landbruksinteresser opp mot næringsinteresser, seier han.

Absolutt nei frå Frp

Talsperson Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne støttar Grøn Ungdoms forslag om hyttedeling og å stanse hyttebygging i villmarksprega natur, men vil ikkje sette foten ned for nye hyttefelt andre stadar.

Framstegspartiets hyttepolitiske talsmann på Stortinget, Jon Helgheim, støttar ingen av forslaga.

– Vi har mykje urørt natur og skal framleis ha det, men i eit land som Noreg er det fullt mogleg å kombinere ein regulert og avgrensa hytteutbygging og å bevare urørt natur, seier Helgheim.

Organisert deling av hyttene har han heller ikkje tru på.

– Absolutt ikkje. Dersom nokon organiserer det sjølv, vær så god. Men å kome som politikarar og tre det nedover øyra på folk, og pålegge folk å dele hyttene med folk dei kanskje ikkje kjenner, er heilt uaktuelt. Det er forslag som kjem om ein mister hovudet litt og blir hysterisk i tilnærminga, seier Frp-politikaren.

Hytter og leilighetsbygg ved Hemsedal skisenter

Det er 2151 hytter og fritidsbustadar i Hemsedal.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Kutt i både hytter og flyreiser

Samtidig som Grøn Ungdom vil avgrense hyttebygging, foreslo dei nyleg ein årleg kvote på tre flyreiser per nordmann.

– Er det ikkje betre miljømessig at folk ferierer på hytta enn å dra til utlandet?

– Det er betre at folk drar på hytta i Noreg enn å dra på Sydenturar. Men vi vil ha stans i bygging av dei store, nye hyttefelta som øydelegg naturen vi er avhengig av, og heller heie på den type hytteliv som er berekraftig og tek vare på hyttene vi allereie har, seier Bruu.

– Du argumenterer med naturvern, men det var underordna då du under MDGs landsmøte tok til orde for å bygge vindmøller på land?

– Eg meinte at vi må opne for noko vindkraft på land av omsyn til klimakrisa. For å ha rom for å bygge ut i litt natur i eit nødvendig klimaperspektiv, må vi seie nei til all bygging som ikkje er i eit klimaperspektiv. Hyttebygging er eit luksusprodukt, og ikkje noko vi treng for å løyse krisane vi står overfor, seier talspersonen.

AKTUELT NÅ