Hopp til innhold

Grøn Ungdom-topp: – Synd at MDG går kraftig mot vindmøller på land

Grøn Ungdoms talsperson Teodor Bruu tapte kampen mot naturvernarane i slaget om vindkraft på land under landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne.

Teodor Bruu i Grøn Ungdom

Teodor Bruu er talsperson for Grøn Ungdom.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

– Eg meiner det ikkje er eit reelt kompromiss, men i retning av å prioritere naturvern strengt i alle tilfelle, seier Teodor Bruu, talsperson i Grøn Ungdom.

Han ønskte seg eit kompromiss som opna for å bygge ut meir vindkraft på land i Noreg, også i urørt natur.

Det var det liten stemning for då saka kom opp til avrøysting laurdag ettermiddag.

– Vedtaket er ikkje heilt i tida. Med tanke på at vi har ei klimakrise å løyse og at vi har dårleg tid, synest eg det er synd at vi går såpass kraftig mot utbygging av vindmøller på land, seier Bruu.

Feirar sigeren

Margit Fausko i sentralstyret til Grøn Ungdom, er usamd med Bruu, og er godt nøgd med ei restriktiv linje på utbygging av vindkraft.

– Omsynet til naturen er det viktigaste i denne saka, seier Fausko.

Også tidlegare stortingsrepresentant Rasmus Hansson feirar sigeren.

– Eg er svært nøgd. No set MDG natur som ein stor verdi som vi skal vere veldig restriktive med å øydelegge meir av, seier Hansson.

MDG-leder Rasmus Hansson

Rasmus Hansson, tidlegare stortingsrepresentant for MDG.

Foto: Christian Kråkenes

Han meiner det er betre å vente på at havvind blir lønnsamt enn å bygge vindmøller i urørt norsk natur.

– Vi er nøydde til å tenke både klima og natur, og fikse begge deler. Klimaløysingar som heller klimaet ut med badevatnet, løyser ingenting, seier den sjølverklærte naturvernekstremisten.

Stridens kjerne

På den eine sida står dei som vil verne all urørt natur mot vindmøllene, og heller sjå fram mot at havvind blir lønnsam. Desse foreslo ein resolusjon om å sterkt avgrense bygging av vindmøller på land.

På den andre sida står ein del frå Grøn Ungdom og andre såkalla teknologioptimistar, som meiner at ein må bygge vindmøller på land, også i delar av naturen som ikkje er rørt frå før. Årsaka er at grøn teknologi som finst må takast i bruk snarast råd for å redde klimaet globalt.

Dette vedtok MDG

Laurdag låg to kompromissforslag på bordet. Det var møter mellom partane for å sjå om dei kunne kome fram til eit felles kompromiss, men det førte ikkje fram, får NRK opplyst.

Til slutt vedtok landsmøtet å gå for redaksjonskomiteens innstilling:

«framtidige vindkraftkonsesjonar på land i Noreg bør bli halde til område med eksisterande inngrep og infrastruktur, og skal ikkje redusere område med urørt preg eller andre natur- og friluftslivsverdiar. All utbygging skal skje skånsamt og med lokal involvering. Heilt urørt natur skal aldri bli utbygd av landbasert vindkraft.»

I tillegg vedtok MDG å flytte ansvaret for arealsaker tilbake til Klima- og miljødepartementet. Partiet vil ikkje gi nye konsesjonar for landbasert vindkraft før ulike tiltak er sett i verk, og nasjonal ramme for vindkraft er behandla av Stortinget.

Vidare skal det kommunar måtte meine om utbygging av vindparkar vere avgjerande for tildeling av konsesjonar, og vege tungt i utforming av sjølve planen for utbygging.

MDG seier også nei til alle vindkraftprosjekt som svekker livsgrunnlaget til urbefolkning.

MDG-toppar nøgde

Talspersonane for MDG, Arild Hermstad og Une Aina Bastholm, er nøgde med vedtaket.

Miljøpartiet De Grønne

MDGs talspersonar. F.v. Arild Hermstad og Une Aina Bastholm.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Dei meiner det er eit god kompromiss mellom naturomsyn, klima, artsmangfald og behovet for meir fornybar energi.

– Vi er tydelege på at det ikkje skal bli bygd vindkraft i urørt natur, og at utbygging bør skje nærmare det eksisterande kraftnettet og der det alt er naturinngrep, seier Bastholm.

Hermstad understrekar at vindkrafta heller ikkje skal ramme samiske interesser.

AKTUELT NÅ