Politikarane i finanskomiteen på Stortinget skal i utgangspunktet avgjere den politiske nøtta før dei tek helg:
Skal dei vedta ei eller anna form for politisk innblanding i tilsettinga av Nicolai Tangen som oljefondsjef?
Ulike politikarar og juristar har vektlagt forskjellige poeng i spørsmålet om politisk involvering, men vurderinga frå lovavdelinga i Justisdepartementet fredag føremiddag peikar på at det finst eit politisk handlingsrom.
Her er ein guide til diskusjonen.
Fakta: Lova seier at regjeringa ikkje kan instruere Noregs Bank
Politiske grenser: Sentralbanklova slår fast at regjeringa ikkje kan instruere Noregs Bank. Vurderinga frå lovavdelinga i Justisdepartementet fredag 21. august slår fast at det er sett grenser i sentralbanklova (§ 2-13) for korleis departementet kan instruere Noregs Bank - også når det gjeld tilsetting av dagleg leiar for oljefondet.
Politisk handlingsrom: Men når sentralbanklova seier noko om instruksjon av Noregs Bank handlar det først og fremst om pengepolitiske spørsmål, altså slikt som rentesetting og verkemiddel for å halde ein stabil kronekurs. Det er mest dette politikarane ikkje skal blande seg i. Lova lukkar dermed ikkje døra for å meine noko om andre saker. Det stadfestar lovavdelinga som meiner det ikkje er tvil om at regjeringa har full instruksjonsrett over Noregs Bank i rolla som kapitalforvaltar. Den viser til lov om statens pensjonsfond § 3.
Fakta: Noregs Bank har ansvaret for å tilsette oljefondssjef
Politiske grenser: Noregs Banks ansvar for å tilsette oljefondssjef er lovfesta i sentralbanklova § 2-13. Ansvaret for sjølve avtalen som er inngått med Tangen følgjer av dette og er dermed noko regjeringa ikkje kan blande seg i, meinte den juridiske utgreiinga som eit eksternt advokatfirma leverte til finansdepartementet 18. august.
Politisk handlingsrom: Men regjeringa sine eigne toppjuristar i lovavdelinga ser det annleis. Dei er samde i at ein neppe kan blande seg i sjølve valet av ny oljefondssjef, altså kven som skal ha jobben. Men avdelinga skriv samtidig at «det vil antakelig være adgang til å gi generelle instrukser, også om de vil ha betydning for det konkrete ansettelsesforholdet». Altså er det truleg fullt mogleg for Stortinget og finansminister Sanner å meine noko om sjølve avtalen som er gjort med Tangen.
Fakta: Noregs Banks representantskap har kome med flengande kritikk mot tilsettingsavtalen
Politiske grenser: Kritikken er retta mot hovudstyret i Noregs Bank. Stortinget kan seie seg einig i kritikken, og det må hovudstyret i Noregs Bank forholde seg til. Men det betyr ikkje det same som at det er greit med politisk overstyring av Noregs Bank.
Politisk handlingsrom: Ein må sjølvsagt følgje opp representantskapets kritikk. I den nye sentralbanklova bestemte ein at Stortinget fortsatt skulle utnemne eit kontrollorgan for Noregs Bank. Det ville vere meiningslaust om det var umogleg å følgje opp politisk den kritikken representantskapet kjem med. I forarbeida til lova står det at «representantskapet får rapportere saken til Stortinget som kan uttrykke kritikk og eventuelt holde statsråden til ansvar etter reglene om dette».
Fakta: Tangen har inngått ein lovleg arbeidsavtale med Noregs Bank
Politiske grenser: Arbeidsavtalen er bindande. Den er lovleg inngått mellom Noregs Bank og Tangen. Å gripe inn ville blant anna vere i strid med prinsippet om at politiske vedtak ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.
Politisk handlingsrom: Det er interessekonflikter mellom jobben Tangen skal ha og hans eigarskap i eit anna fond. Arbeidskontrakten er ikkje i tråd med retningslinene som tilsette i Noregs Bank er forplikta på. Dette har jo tilsynsorganet (Representantskapet) påvist i eit brev til Stortinget. Ein kan ikkje site og sjå på at ein held fram med ein avtale som det politisk valte tilsynsorganet seier er i strid med regelverket. Også lovavdelinga seier at det må vere høve til å kome med generelle retningsliner etter at tilsettinga er gjort, sjølv om dette skulle påverke forhold for den som er tilsett.
Saka er oppdatert 21. august etter at lovavdelinga i Justisdepartementet la fram si tolking av tilgangen til å instruere Noregs Bank.
Saka er basert på ei rekke bakgrunnssamtaler med politikarane som jobber med saka, samt diverse skriftlege kjelder - deriblant skriftlege dokument frå regjering til storting som er samla her.