Hopp til innhold

Greier ikkje fjerne 18 tankar med radioaktivt avfall

Det hastar med å sikre norsk atomavfall, men ein del av avfallet som skal fjernast på Kjeller utanfor Oslo er førebels umogleg å få bort. Ein av teoriane er at tankane har rusta fast.

Innslag fra Dagsrevyen.

VIDEO: Vanskeleg å fjerne avfallet

– Det har kome fukt inn i tankane med atomavfall. Vi veit at 18 av desse tankane sit fast, og vi klarar ikkje å få dei ut. Det gir grunn til uro, seier administrerande direktør ved Institutt for energiteknikk, Nils Martin Huseby.

Atomfysikar og dagleg leiar i miljøorganisasjonen Bellona, Nils Bøhmer, deler uroa. Organisasjonen har vore oppteken av atomavfallet på Kjeller dei siste 20 åra. Han minner om at dette er høgaktivt avfall som inneheld mengder radioaktivitet.

Vatn inn i brenselet

Nils Bøhmer (Bellona)

Nils Bøhmer er atomfysikar og dagleg leiar i miljøorganisasjonen Bellona.

Foto: NRK

– Det er dokumentert fleire gonger at det renn vatn inn i dette brenselet, og ein del av brenselet kan byrje å brenne når det kjem i kontakt med vatn. Derfor er det viktig ein så snart som mogleg tek ut brenselet og lagrar det trygt og sikkert, seier Bøhmer til NRK.

Det verste som kan skje, seier han, er at det byrjar å brenne, og at store mengder radioaktivitet blir spreidd til nærområdet.

Nils Martin Huseby er samd i at brann er ein mogleg risiko, men at utslepp av radioaktivitet vil avgrense seg til bygget der tankane er. Han er likevel samd i at det hastar med å få rydda opp.

– Få alternativ igjen

Nils Morten Huseby.

Administrerande direktør Nils Morten Huseby ved Institutt for energiteknikk på Kjeller.

Foto: NRK

– Noreg er eitt av få land i verda som ikkje har handtert atomavfallet sitt, og det byrjar bli få alternativ igjen for å kunne handtere dette på ein forsvarleg måte, seier Nils Martin Huseby.

Institutt for energiteknikk har no bede næringsministeren om ei ekstraordinær løyving på 70 millionar kroner neste år. Dette er pengar som skal gå til blant anna å undersøkje avfallet. Målet er å frakte det radioaktive avfallet til Frankrike for behandling, slik at det deretter kan lagrast trygt her i landet.

Den norske atomforskinga starta på Kjeller i Akershus like etter krigen. Atomreaktorane her og i Halden har gitt sikrare atomkraftverk, samstundes som det har gitt bidrag til det norske oljeeventyret. Blant mykje anna.

Radioaktiv kilde er rotet bort – stor leteaksjon på søppelplass

Jubler over støtte til miljøforskning

– Drifta er trygg

Næringsdepartementet opplyser at dei skal vere med og betale for å sikre handtering av atomavfallet på Kjeller og i Halden.

Statens strålevern gjer det klart at det er forsvarleg å halde oppe drift av reaktorane og annan aktivitet ved anlegget til Institutt for energiteknikk på Kjeller.

Beholdere på Institutt for energiteknikk på Kjeller.

Dette er nokre av tankane det ikkje er mogleg å få lause.

Foto: NRK
Institutt for energiteknikk på Kjeller

Institutt for energiteknikk på Kjeller i Akershus ligg i eit område med mange bustadhus.

Foto: NRK

Ti millioner til atomopprydding på Kjeller

AKTUELT NÅ