NRK Meny
Normal

Gratis frukt og grønt i skulen

Regjeringa vil innføre gratis frukt og grønnsaker ved alle skular med ungdomstrinn frå skulestart hausten 2007.

Populært med frukt og grønt
Foto: Camilla E. Hatleskog / NRK

Regjeringa har sett av 87 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2007 for å få til dette. 5,9 millionar kroner av denne summen skal dekkjast inn ved å redusere løyvingagne under den eksisterande frukt- og grøntordninga som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet.

Ordningane skal berre gjelde for skular som har frå åttande til tiande klassetrinn.

Dette betyr altså at ordninga vil gjelde for ungdomsskular og skular som har alle trinna frå første til tiande.

Regjeringa vil også styrkje rådgjevingstenesta i ungdomsskulen, slik at elevane kan få vegleiing til å ta medvitne val om vidare utdanning.Målsetjinga er at fleire elevar skal fullføre vidaregåande opplæring. 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger