Godkjenner ikkje Afghanistan-styrke. Reporter er Erik Ramberg.

Thorbjørn Jagland (Ap) er leiar i Utanrikskomiteen på Stortinget.
Regjeringa la i går fram planar om å sende rundt 200 soldatar til den NATO-leidde ISAF-styrken i Afghanistan. Leiar i Utanrikskomiteen på Stortinget, Thorbjørn Jagland (Ap), seier at komiteen har behov for fleire opplysningar om tryggleiken til dei norske soldatane.
To timar
Den utvida utanrikskomiteen sat saman i over to timar i ettermiddag, utan at det var mogleg å bli samde om regjeringa sitt ynskje om å sende norske soldatar til det krigsherja landet. Komiteen treng fleire svar frå regjeringa om korleis tryggleiken rundt dei norske soldatane vil bli teken vare på. Dermed blir det eit nytt møte i komiteen om kort tid.
Ei av hovudoppgåvene for dei norske soldatane, dersom det blir fleirtal for å sende ein norsk kontingent, blir å ta seg av tryggleiken i samband med møtet i den grunnlovgjevande forsamlinga i Afghanistan som startar 10. desember.

- Heilt greitt, seier utanriksminister Jan Petersen (H).
Heilt greitt
Utanriksminister Jan Petersen (H) seier i ein kommentar at det er heilt greitt at den utvida utanrikskomiteen ber regjeringa kome tilbake med svar om tryggleiken for dei norske soldatane.
Forsvarsminister Kristin Krohn Devold var ikkje til stades på møtet i dagm, ho er om bord i "Statsraad Lemkuhl" i Middelhavet etter invitasjon frå Sjøforsvaret.
Forsvarspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Per Ove Width, reagerer sterkt på at Devold var fråverande i dag, og forventar at ho stiller på neste møte om saka