Hopp til innhold

Godkjende alle pelsdyrfarmane

Samtlige pelsdyrgardar som er avslørt med alvorlige forhold i år, har vore godkjende av næringa sjølv.

Pelsdyr

260 pelsdyrfarmar er sertifiserte av Noregs Pelsdyralslag.

Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix

– 260 pelsdyrfarmar er sertifiserte av oss, seier pressetalskvinne Guri Wormdahl i Noregs Pelsdyralslag.

Det er alle eksisterande bortsett frå ein. Ein pelsdyr-farm har mista sertifiseringa. Telemarksbonden som sto fram i Dagsrevyen onsdag vart fråteken sertifiseringa førre helg – ein dag etter at NRK hadde teke kontakt om saka.

Ottar Tveit

Ottar Tveit vart fråteken sertifiseringa førre helg.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Sertifiserte gardar betyr at Pelsdyralslaget har godkjend dei etter sitt nye internkontroll-system. Ordninga er ein konsekvens av tidlegare avsløringar.

– Sertifiseringssystemet skal vere garanti for at dyra blir stelte og oppdretta på ein skikkelig måte, sa styreleiaren i pelsdyralslaget Bertrand, Trane Skadsem, for tre år sidan.

Les også: – Noen få ødelegger for resten
Les også: Statssekretær: Pelsdyrnæringa har gjort en fremragende jobb

Alle vart sertifiserte i 2011

Då hadde dyrevernarar lagt fram bilete som liknar på dei NRK har offentliggjort dei siste dagane.

Intern-godkjenninga «Farmsert» vart gjennomført på alle norske pelsdyrfarmar i løpet av fjoråret.

Den stiller krav til mellom anna burstorleik, hygiene og tilsyn med dyra. Målet med ordninga er god dyrevelferd.

For fleire politikarar har kravd at bransjen ryddar opp og får ut verstingane, slik at dei seriøse får drive vidare.

Då gjennomgangen vart gjort i 2011, passerte alle eksisterande medlemmer av pelsdyralslaget nålauget og vart sertifiserte farmar.

Altså har den interne sertifiseringsordninga ikkje ført til noka opprydning i talet på aktørar.

Les: Kraftig økning i hastevedtak
Les: – En hån mot dyrenes behov

Tvilar på effekten

Guri Wormdahl

Eit kvalitetsteikn for næringa, meiner Guri Wormdahl.

Foto: Anders Brekke / NRK

Ni pelsdyrbønder som har fått hastevedtak eller politisak mot seg i år lever vidare som sertifiserte bønder.

Det gjeld for eksempel den største aktøren av alle i pelsdyrnæringa, som NRK fortalde om i går.

Norsk veterinærforening har vore svært kritisk til norsk pelsdyrhald, og president Marie Modal meiner dei nye ordningane ikkje hjelper stort i seg sjølv.

– Reglane og sertifiseringsordninga i seg sjølv gir jo ingen forbetring for dyra viss ikkje eigarane som er pålagde å følgje reglane faktisk gjer det. Den dokumentasjonen som NRK har lagt fram tyder på at det ikkje er nokon effekt av nye reglar og sertifiseringsordning så langt, seier ho.

Pelsdyralslaget ser heilt annleis på dette. Det at nesten alle pelsdyrbønder er godkjende er eit kvalitetsteikn for næringa, meiner Guri Wormdahl.

– Vi har absolutt rydda opp gjennom sertifiseringsordninga, og vi har no ein dokumentasjon av kva slags arbeid som blir gjort på kvar gard, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger