Hopp til innhold

Gode solingsvanar er like viktig i Noreg som i Syden: – Nyt sola med måte

Kreftforeningen oppmodar folk til å vise solingsvit, også på noregsferien, for Noreg er i verdstoppen når det gjeld førekomst av hudkreft.

SOMMERFERIE

FØREBYGGE: Hudkreft er ein krefttype ein kan førebygge mot, ved å passe på at ein ikkje blir solbrent.

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

– Det er fleire som tenkjer at gode solingsvanar ikkje er like viktig når ein skal feriere i Noreg, for sola her er ikkje like sterk. Det er ikkje riktig, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.

Ingrid Stenstadvold Ross

FORANDRING FRYDAR IKKJE: Ingrid Stenstadvold Ross seier det er viktig å følgje med på om føflekkane endrar seg – Viss ein føflekk endrar form eller farge, viss den klør eller blør, så må ein sjekke den hos legen.

Kreftforeningen utfører jamleg undersøkingar for å kartleggje nordmenn sine solvanar. Desse undersøkingane viser at nordmenn har andre solvanar heime i Noreg enn dei har på sydenferie.

Undersøkinga viser mellom anna at fleire brukar solkrem med høg faktor når dei er på sydenferie enn dei gjer heime i Noreg.

Kjenner seg att i statistikken

To som kjenner seg att i det solvaneundersøkinga viser, er Gabriella Bøgle-González og Malin Debrunner. Dei har tatt turen ut i parken for å nyte solvêrsdagen.

Dei har pakka med seg solkremen, og er opptatt av at dei ikkje skal bli solbrent. Men dei innrømmer at dei er ikkje like forsiktige i sola når dei er heime som når dei er i utlandet.

– Mange tenkjer nok at norsk sol ikkje er like sterk, seier Bøgle-González.

Venninna hennar er heilt einig.

– Eg tenkjer ofte at den norske sola er snillare, men det stemmer jo ikkje.

Gabriella Bøgle-Gonzalez og Malin Debrunner solar seg i parken

SOLAR SEG I PARKEN: Gabriella Bøgle-Gonzalez og Malin Debrunner brukar solkrem for ikkje å bli solbrent. – Men eg er nok ikkje like flink som eg burde vore, og i utlandet er eg meir forsiktig, seier Debrunner.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Noreg i verdstoppen

Noreg er det landet i Europa med flest tilfelle av hudkreft. På verdsbasis blir me berre slått av Australia og New Zealand.

– Det er ein statistikk me ønskjer å snu. Dette er fullt mogleg å få til, fordi hudkreft er ein krefttype som går an å førebygge, seier Ross i Kreftforeningen.

Ho fortel vidare at det i stor grad handlar om vanane me har i sola. Gode vanar inneber at ein skjermar huda mot for mykje sol ved å dekke seg til, ved å smørje seg med solkrem med høg faktor og ved å ta solingspausar i skuggen.

Det seier også Petter Gjersvik, hudlege og professor i avdeling for hudsjukdommar ved UiO.

– Gode solingsvanar er viktig for å unngå melanom og andre formar for hudkreft. Hovudregelen er å unngå at ein blir solbrent.

Likevel påpeikar han at sola også er viktig, både for jorda og for oss menneske.

– Alt liv på jorda er avhengig av sol. Kroppen vår er avhengig av å få sol. Det er ikkje sola som er farleg, men det er for mykje sol som er farleg.

Det er Ingrid Stenstadvold Ross einig i.

– Nordmenn er glade i sol. Me har ikkje så mykje av det, men me bråsolar oss så snart sola tittar fram. Det er skummelt, for då blir ein solbrent, seier ho.

Nyt sol og sommar, men med måte

Ross håper at alle nyttar høvet til å kose seg på sommarferie, men ber om at me nyt sola med måte.

– Ingen brunfarge er verdt å få kreft av. Då må ein gjere to ting på ein gong – me må nyte sola, men passe på å ikkje bli solbrent.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT