NRK Meny
Normal

Global Dignity legg ned i Noreg

Haldningsprosjektet Global Dignity Noreg, der kronprins Haakon er med i leiinga, legg ned drifta. Årsaka er at det ikkje lenger er økonomisk grunnlag for vidare drift.

Kronprins Haakon holder presentasjon på Dignity Day

Kronprins Haakon har vore engasjert i Global Dignity i over ti år.

Foto: Susann Rismyhr / NRK

Dette opplyser Global Dignity Noreg (GDN) i ei pressemelding. Den internasjonale delen av Global Dignity blir vidareført.

Kronprinsen har vore med i leiinga av Global Dignity i over ti år.

– Positiv energi

– Eg er takknemleg for alle dei god møte og dei inspirerande samtalane eg har hatt med norsk ungdom gjennom Global Dignity. Eg vil også takke kvar og ein av dei fantastiske frivillige frå 90 svært ulike organisasjonar som har engasjert elevar i samtalar om verdigheit. Sjølv er eg trygg på at all den positive energien som dei frivillige har vist, no vil kome andre gode formål til gode, seier kronprins Haakon i ein kommentar.

Andersen

Generalsekretær i Idrettsforbundet, Inge Andersen, har vore styremedlem i Global Dignity Noreg.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Han legg til at han er glad for at han har fått lære av dei som har engasjert seg i Global Dignity, og for den smittande entusiasmen som kjenneteiknar GDNs frivillige og samarbeidspartnarar.

Snakket med elever om verdighet

Kronprinsen fikk høre elevenes egne historier

– Meiningsfylt arbeid

Andre kjende styremedlemer i Global Dignity her i landet har vore Sven Mollekleiv, Inge Andersen og Grete Herlofson. Dei har sendt ut denne felles fråsegna:

«Vi set stor pris at vi og våre frivillige gjennom Global Dignity har møtt så mykje flott ungdom og har fått delta på denne dugnaden i frivillig fellesskap. Dette har vore eit svært meiningsfylt arbeid for alle som har vore involverte. Det er leitt at stiftinga ikkje kan drivast vidare, men vi er glade for at både verdiplattform og erfaringar frå dette arbeidet er integrert i det daglege arbeidet til organisasjonane våre. Vårt ynskje og håp er at erfaringar frå dette viktige initiativet vil bli brakt vidare både i skuleverket og i dei frivillige organisasjonane».

– Kronprinsen prøver å endre monarkiet

Verdighet for hvem?

- Ikkje på grunn av kritikk

Kommunikasjonssjef for kongefamilien, Marianne Hagen, seier til NRK at Global Dignity ikkje blir lagt ned fordi det er reist kritikk mot prosjektet, men fordi det har vorte stadig vanskelegare å skaffe langsiktige, stabile samarbeidspartnarar.

– Det har vore ein del kritikk, men Global Dignity har kvart år gjennomført evalueringar der både skuleleiarar, rådgjevarar og elevar er spurde, og dei har vore overveldande positive, seier ho.

– Alle kan lese evalueringane på Global Dignity , legg ho til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger