Hopp til innhold

Glede i NAF etter avgiftsomlegging

– No blir det endeleg endringar i bilavgiftene som vil gi oss ein miljøvennleg og sikker bilpark, seier ein godt nøgd kommunikasjonssjef i Norges Automobilforbund (NAF), Inger Elisabeth Sagedal.

Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

Inger Elisabeth Sagedal i NAF er godt nøgd med omlegginga av norske bilavgifter.

Foto: Erik Norrud

Budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre har gitt ei endring av bilavgiftene. Det er ikkje lenger motorkraft og vekt på køyretøyet som blir avgjerande for avgiftene, men derimot det som kjem ut av eksosrøyret.

– Desse endringane vil gi oss ein meir miljøvenleg og sikrare bilpark. Det blir fleire nye bilar på vegen, og nye bilar slepp ut mindre CO₂ og NOx enn eldre bilar. Dette har vi kjempa for i mange år, seier Elisabeth Sagedal til NRK.

– Skifte ut gamle bilar

Marius Holm, ZERO

Leiar Marius Holm i miljøorganisasjonen meiner omlegginga av bilavgiftene går i rett retning.

Foto: magnus gamlem

Ho meiner at avgiftspolitikken er avgjerande for at folk skal ta dei rette vala.

– Noreg har ein av Europas eldste bilparkar. Derfor er det viktig med ein avgiftspolitikk som får folk til å skifte ut miljøskadelege og lite trafikksikre bilar, seier ho.

Sagedal seier at alle nye bilar som skal seljast her i landet er godkjende etter den nye Euro 6-standarden, ein standard som krev lågare utslepp av både CO₂ og NOx.

Her er avgiftsendringane som regjeringa og støttepartia er samde om:

– Straffe Nox-utslepp

Eingongsavgifta skal endrast slik at det blir lagt meir vekt på å straffe utslepp av NOx og CO₂, og der effektkomponenten (motorstyrken) blir fasa ut over to år. Vektkomponenten blir redusert blant anna gjennom eit botnfrådrag. Eingongsavgifta skal leggjast om innanfor ei provennøytral ramme.

Også miljøvernorganisasjonen Zero er nøgd med fleire av tiltaka som er foreslått av regjeringa og støttepartia, men organisasjonen hadde helst sett at det vart dyrare å bruke fossilt drivstoff.

– I rett retning

– Det grepet som verkeleg kunne ha fått fart på grønt skifte til fornybar transport blir utsett, nemleg å gjere fossile bilar dyrare og auke avgiftene på fossilt drivstoff. Det må til om bilparken skal bli tilnærma utsleppsfri i 2030, seier Zero-leiar Marius Holm til NTB.

Han er glad for redusert elavgift for elektriske transportmiddel, og at det blir auka krav om bruk av berekraftig biodrivstoff. Han meiner det er gode tiltak som går i rett retning.

Også Astma- og allergiforbundet ser positive trekk ved dette forslaget.

– Vi er glade for auken i NOx-komponenten i eingongsavgifta, og dette er heilt i tråd med det vi har spelt inn i budsjetthøyringane. Det løyser ikkje problemet med helseskadeleg luftforureining åleine, men det er eit steg i rett retning. Vi må vekk frå diesel og over på hybrid og elektrisk. I dette budsjettet finn vi no fleire spor enn tidlegare om at styresmaktene ser at det er vegen å gå, seier assisterande generalsekretær Bo Gleditsch.

Slik har sentrum endret budsjettet

Endring i CO₂-komponenten

* Alle innslagspunkt i CO₂-komponenten blir reduserte med 10 gram. Grenser for frådrag blir tilsvarande nedjusterte.

* Innslagspunktet for dei to høgste satsane blir nedjustert med ytterlegare 10 gram.

* Auke positive CO₂-satsar med 10 prosent.

Nox-komponenten blir endra slik:

Satsen for personbilar blir auka med 20 prosent.

Auke satsen for varebilar klasse 2 (avgiftsgruppe B) frå 30 til 50 prosent av satsen for personbilar.

Vektkomponenten:

Heve innslagspunkt for lågaste sats frå 0 til 150 kilo.

Redusere alle satsar med 5 prosent.

Effektkomponenten:

Alle satsar blir redusert med 50 prosent.

AKTUELT NÅ