Hopp til innhold

Gjev opp motstanden

Regjeringa gjev full støtte til eit europeisk rakettskjold.

Utenriksminsiter Jonas Gahr Støre
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

NETT-TV: Regjeringa gjev etter - støttar rakettskjold

Stats- og regjeringssjefane i dei 26 NATO-landa samlar seg til toppmøte i Bucuresti i dag. Det er knyta stor spaning til diskusjonen om eit europeisk rakettskjold.

- Aldri snakk om norsk veto

Noreg har lenge uttalt seg kritisk til skjoldet, men gjev no opp motstanden. Det kom fram på eit utvida møte i utanrikskomiteen på Stortinget i føremiddag.

- Vi vil stå bak erklæringa vi har vore med på å utforme saman med dei andre 26 NATO-landa. Det har aldri vore snakk om eit veto frå regjeringa si side, understrekar utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Dette er stikk i strid med det Sosialistisk Venstreparti har signalisert tidlegare. Kristin Halvorsen gjekk for få veker sidan ut og kravde norsk veto mot desse planane. No må SV stille seg bak resten av regjeringa.

- Noreg kjem til å understreke at dei amerikanske planane om eit rakettforsvar vil gje auka tryggleik, seier Støre.

Jubel i FrP

FrP-leiar Siv Jensen er glad for at regjeringa gjev opp motstanden mot rakettforsvaret.

- Eg oppfattar at dei no gjer retrett og langt på veg kjem i møte med det synet FrP har hatt heile tida. No føler vi oss trygg på at dette synet vil bli uttrykt på toppmøtet til NATO, seier ho.

Forhandlingane om tekstane som NATO-toppleiarane skal vedta på toppmøtet har gått føre seg i fleire veker. Diskusjonen vil truleg halde fram når president George W. Bush og dei andre set seg til middagsbordet etter opninga av møtet onsdag kveld.

- Vi legg vekt på at trusslane må møtast med fleire tiltak enn eit rakettforsvar. I tillegg er det viktig å diskutere korleis ein kan skape tryggleik for heile alliansen, seier Støre.

AKTUELT NÅ