Hopp til innhold

Gjerningspersonar framleis på frifot etter knivstikking

Den 27 år gamle mannen som vart stukken med kniv på Egertorget i Oslo fredag kveld, er ikkje livstruande såra. Politiet jaktar framleis på tre personar som er mistenkte for angrepet.

Knivstikking i Oslo.

Knivstikkinga skjedde på Egertorget i sentrum av Oslo.

Foto: Nadir Alam / NRK

Mannen vart teken til sjukehus etter knivstikkinga. Han var stukken i magen, men er ikkje livstruande skadd.

Laurdag kveld opplyser vaktleiar Arne Caspersen ved krimvakta hos Oslo-politiet til Aftenposten at dei har avhøyrt mannen, og han seier at han ikkje kjenner dei som stakk han. Han seier også at det ikkje var snakk om eit ran, og at det ikkje var nokon grunn til at nokon skulle gå til angrep på han.

Offeret har fortalt at han snakka med dei tre etterlyste, og at han etterpå vart angripen med det han meiner var ein kniv.

Politiet ber folk som har opplysningar i saka om å melde seg. Dei har få opplysningar om dei tre som er mistenkte for angrepet.

Svein Arild Jørundland.

Innsatsleiar Svein Arild Jørundland fortel at dei leitar etter to menn og ei kvinne.

Foto: NRK

Stikkskadar i magen

Innsatsleiar Svein Arild Jørundland sa til NRK fredag kveld at dei fekk melding om ei mogleg knivstikking klokka 21.52 fredag kveld. Dei kom raskt til staden, der dei fann med stikkskadar i magen liggjande på ein bank på Egertorget.

Dei gav mannen livreddande førstehjelp, men fekk etter kort tid hjelp frå helsepersonell. Den såra vart teken til sjukehus. Jørundland fortel at dei enno ikkje veit sikkert kva som har skjedd. Fleire patruljar vart sett inn i leitinga etter to menn og ei kvinne, som vart observerte då dei forlèt Egertorget like etter knivstikkinga.

Mange menneske ute

Det var mange feststemde menneske ute i gatene i Oslo fredag kveld, og det samla seg raskt mange skodelystne rundt Egertorget. Fleire fekk tilsnakk for å ha prøvd å kome seg forbi sperringane, men Jørundland sa at det stort sett har vore ei roleg 17. mai-feiring i hovudstaden.

Politiet har likevel meldt på Twitter om eit par slagsmål på utestader fredag.

AKTUELT NÅ