Hopp til innhold

Gjermund Cappelen er lauslaten frå fengsel

Gjermund Cappelen (56) er lauslaten frå fengsel i dag etter å ha sona to tredelar av straffa på 13 år.

Gjermund Cappelen

LAUSLATEN: Cappelen blir prøvelauslaten etter å ha sona to tredelar av straffa.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I juni 2020 blei Cappelen dømt til 13 års fengsel for grov korrupsjon og smugling av narkotika.

Hasjsmuglaren slepp no ut fordi han har sona ferdig minst to tredelar av straffa si.

Det var Nettavisen som omtalte saka først.

– Har behov for ro

Gjermund Cappelen sin advokat, Kaja de Vibe Malling, seier i ein e-post til NRK at Cappelen ikkje ynskjer å stilla til intervju i samband med lauslatinga.

– Han har i tida framover behov for ro, for sin eigen del og ikkje minst for familien, skriv advokaten.

I e-posten skriv ho blant anna at Cappelen ikkje ynskjer publisitet med omsyn for borna.

«Hans mindreårige barn har vore utsett for et stort press helt frå pågripelsen og fram til i dag», skriv ho.

«Det er viktig at han får tid til å reetablere seg i samfunnet, og det er grunn til å tro at medieomtale i samband med lauslatinga berre vil gjere den prosessen han og familien nå skal gjennom vanskelegare», skriv ho vidare.

Håpar Cappelen vil endra forklaring

Cappelen blei pågripen i ein hemmeleg aksjon i desember 2013. Han blir seinare sikta for grov narkotikabrotsverk.

Først i juni 2020 blei han i Borgarting lagmannsrett dømt til 13 års fengsel for grov korrupsjon og innførsel av 16,7 tonn hasj, etter å ha først blitt dømt til 15 års fengsel i tingretten tre år tidlegare.

I dommen som blei lagt fram i juni 2020 blei politimannen Eirik Jensen dømt til 21 års fengsel for grov korrupsjon og narkotikakriminalitet.

I ein SMS til NRK skriv John Christian Elden, advokaten til Eirik Jensen:

«Eg håper at hans løslatelse og slutt på behovet for påtalemyndighetens velvilje, kan medføre ei endring i hans forklaring, og ønsker han elles lykke til som fri mann», skriv han.

«Når hovudmannen er ute, borger jo det uansett for ei raskare løslatelse for Jensen», skriv han vidare».

Reagerer

Benedict de Vibe, som forsvarte Cappelen i retten, seier til NRK at han er forundra over Elden sin kommentar.

«Elden synest å vite at tre domstolar har teke feil, og at Cappelen har forklart seg feilaktig. Vi oppmodar igjen Elden til å lese avgjerdene til domstolane i saka, ganske særleg Høgsteretts nekting av å fremje Jensens anke. Nokre gonger må ein berre bite i det sure eplet.»

«Cappelen har ikkje hatt behov for velviljen til påtalemakta under soninga av straffa, og det er Kriminalomsorgen åleine som har vedteke lauslating av han. Når det gjeld Jensens soning, kan han som Cappelen søkje prøvelauslating etter 2/3 tid. Jensen og Elden må gjerne håpe på ei tidlegare lauslating, men vi kan vanskeleg sjå at Cappelens lauslating i dag vil ha noka betydning for Jensens attståande soningstid», skriv Benedict de Vibe.

Fekk strafferabatt

Normalt vil ei straff for slike grove narkotikalovbrot medføra ei straff på 21 års fengsel, men Cappelen fekk åtte års strafferabatt fordi han samarbeida med politiet.

Cappelen har erkjent at han var med på å smugla tonnevis med hasj til Noreg sidan starten på 1990-talet og har forklart at den tidlegare politileiaren Eirik Jensen gjorde det mogleg for han å unngå å bli tatt av politiet.

Nettavisen skriv at 56-åringen blei lauslaten frå Berg fengsel i Tønsberg, som er eit lågtryggleiksfengsel.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger