Hopp til innhold

Gjentek lovnaden om å betale for oppdeling

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik gjentek lovnaden om å betale for fylkes- og kommuneoppdeling. Sjølv om regjeringa varslar stramme budsjett og han ikkje enno veit sluttsummen.

Sigbjørn Gjelsvik
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Stortinget har vedteke at desse samanslåtte fylka blir delt opp att:

  • Viken blir til Akershus, Buskerud og Østfold
  • Troms og Finnmark blir to fylke igjen
  • Vestfold og Telemark blir to fylke igjen
  • I tillegg går gamle Haram kommune ut av nye Ålesund og det blir to kommunar

Om Søgne og Songdalen går ut av Kristiansand er inntil vidare uavklart. Kommunstryret i Kinn bestemte seg i går for å ikkje søke oppløysing.

Fylkes- og kommuneoppdelingar vil koste godt over ein halv milliard, viser anslag frå Stortinget og dei ulike fylka og kommunane tidlegare i år.

Stramme tider

Støre-regjeringa lova tidleg i år at staten dekker kostnadane ved delinga av nokre av dei upopulære samanslåingane frå Solberg-regjeringas tid.

Men den lovnaden kom før Ukraina-krig, energikrise og renteauke. Bodskapen no er at det er tid for at staten sparar.

Trygve Slagsvold Vedum holder foredrag foran budsjettkonferansen i august 2022.

MANTRA: Finansminister Vedum (Sp) held foredrag om å halde igjen pengebruken.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– Mykje av det vi har i plattforma må enten vente og bli teke seinare eller bli sett til side i den situasjonen vi er i no, sa statsminister Støre til E24 nyleg om lovnadane frå regjeringsforhandlingane i Hurdal.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum sa i sitt budsjettoredrag førre veke at regjeringa må gjere andre politiske prioriteringar fordi verda er annleis enn då Hurdalsplattforma vart laga.

Står ved lag

NRK har spurt kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik om korleis han ser på oppløysingsrekninga i den tilspissa økonomiske situasjonen.

– Vi har sagt at vi skal dekke nødvendige kostnader, seier Gjelsvik.

– Så tidlegare lovnader står ved lag sjølv om ein har sagt at andre lovnader blir vanskelege å oppfylle grunna trongt økonomisk handlingsrom?

– Ja, det vi har sagt er at dei kommunane og fylka som no skal få lov å bli eigne fylke og kommunar igjen etter vedtak, skal få dekka nødvendige eingongskostnadar.

Men innanfor visse rammer, understrekar han til NRK.

– Det er viktig at dei viser moderasjon – det er berre nødvendige kostnader som blir dekka, vi får søknadane i løpet av hausten og behandlar dei då.

I eit brev i sommar frå departementet til dei fylka og den eine kommunen dette gjeld, er det definert kva som blir dekt.

Ukjent rekning

Men kva kostar oppløysingane eigentleg?

Det svaret veit verken regjeringa eller nokon andre enno.

Først 8. november skal fylke og kommunar ha levert inn eit endeleg budsjett i ein søknad til staten. På det tidspunktet er det ein månad sidan finansministeren har lagt fram sitt statsbudsjett.

Men i forkant av vedtaka om oppløysing vart det gjort anslag på kostnadane:

I tillegg har Stortinget gått ut frå at staten får utgifter til ulike statlege register og IKT-utgifter på minst 133 millionar kroner.

Samla sum: Godt over ein halv milliard før prisstiginga vi har sett i år.

NRK har vore i kontakt med dei ulike fylkes- og kommuneadministrasjonane det gjeld. Dei vil ikkje seie noko om korleis dei trur utgiftene til oppløysing utviklar seg. Det detaljerte budsjettarbeidet blir nemleg gjort akkurat no, men fleire av dei uttrykker særleg usikkerheit knytt til IKT-utgiftene.

Høgres kommunalpolitiske talsperson Mudassar Kapur er kritisk til pengebruken.

Mudassar Kapur i Høyre

SLUTTSUM: Høgres Mudassar Kapur lurer på kva sluttsummen for oppløysingane blir.

Foto: Torstein Boe / Torstein Boe

– Ingen veit kva den endelege rekninga blir, og ingen veit korleis regjeringa har tenkt å dekke inn den rekninga og korleis fylka skal ta omsyn til det. Dette er absolutt ikkje forutsigbart.

Han trur rekninga vil bli høgare.

Feil ressursbruk

– Eg trur dei endelege kostnadane kan bli endå høgare. Og iallfall dersom ein tenkjer ut frå eit samfunnsmessig perspektiv, seier Kapur og viser til dei menneskelege ressursane som blir brukt på å gjere om på organisasjonane framfor å lage tenester.

– Men desse utgiftene kjem vel no fordi delar av kommune- og regionreforma frå Solberg-regjeringa var dårleg forankra?

– Det er ikkje riktig at den var dårleg forankra. Vi må ikkje gløyme at både kommunereforma og regionreforma hadde ein brei prosess der alle fylke og kommunar deltok. Også i Viken, som denne regjeringa likar å kalle for ei tvangssamanslåing, var det ein brei prosess der Ap og Sps eigne politikarar meinte det var på tide å gjennomføre ei reform.

Det senterpartileia Kommunal- og distriktsdepartementet har sjølv berekna at dei direkte kostnadane knytt til kommune- og regionreforma under Solberg-regjeringa kosta 3,2 milliardar kroner.

– Det uansvarlege er det den førre regjeringa gjorde, samanslåingar med tvang og utan god nok utgreiingar i mange samanhengar. No lyttar vi, så får vi inn søknader frå dei enkelte som vi går gjennom, og så sørgjer vi for at dei får dekka nødvendige kostnadar og så får vi ein god delingsprosess, seier Gjelsvik.

Men han vedgår at han ikkje kjenner totalrekninga for regjeringa sitt delingsprosjekt.

– Kva kostnadstal forheld du deg til?

– No ventar vi på søknadane, og så går vi gjennom dei og kjem tilbake til beløpet.

– Så du veit ikkje per no?

– Vi har lagt opp ein prosess der dei skal gå gjennom kva kostnader det er snakk om. Den prosessen må vi følgje, så får vi kome tilbake til kostnadane når vi har behandla søknadane.

AKTUELT NÅ