Hopp til innhold

Givarglede har vore så stor at det ikkje er plass til meir

Lokalbefolkninga i Gjerdrum hjelper dei som er råka, og givarglede har vore så stor at Olavsgaard hotell ikkje har plass til meir.

TOK IKKJE IMOT: Då Carina Lelis og mannen såg at folk byrja å gi hushaldningsartiklar, mat og drikke bestemte dei seg for å gjere det samme.

TOK IKKJE IMOT: Då Carina Lelis og mannen såg at folk byrja å gi hushaldningsartiklar, mat og drikke bestemte dei seg for å gjere det same.

Foto: Arnfinn Fagerli / NRK

– Klokka 13:30 beklaga hotellet og sa at det ikkje var plass til meir, fortel Arnfinn Fagerli.

Fagerli og Carina Lelis reiste fyrst til Lillestrøm torg for å levere klede til fotballsupporterane Kanarifansen som har samla inn klede til dei evakuerte etter skredet.

Men då dei tok med mat og hushaldningsartiklar til Olavsgaard hotell der fleire av dei evakuerte bur, blei dei avvist, sidan dei allereie hadde fått så mange bidrag at det var fullt på nyttårsaften.

– Litt dumt

– Håper at folk har nok til nyttårshelga. Ungane vil ha noko godt og det vil vi vaksne også, seier Fagerli, før han held fram:

– Det er litt dumt, for der er sikkert eit stort behov framleis. Vi skal ta med alt vi har kjøpt inn og prøve att i morgon.

På grunn av dei mange bidraga er det fullt på Olavsgaard hotell, men det er mogeleg å levere bidrag til Holterhallen i nabokommunen Nannestad.

Bidrag til dei råka

I forbindelse med kvikkleireskredet i Gjerdrum natt til 30. desember, har i alt 31 bueiningar og 9 bygningar rast. 1000 menneskje er evakuerte og ti personar er framleis sakna.

Helikopter flyr over skredområdet i Gjerdrum

LEITAR ETTER OVERLEVANDE: Politiet leitar framleis etter overlevande etter raset i Gjerdrum.

Foto: Torstein Bøe / NRK

På Facebooksida The Landslide in Gjerdrum er det mange som vil hjelpe dei som er råka av skredet. Fleire tilbyr huset sitt til dei som treng ein stad å bu. Hunde- og kattehotell vil ta inn dyr gratis.

– Eg pakka alt eg hadde til overs som andre kan få nytte av, fortel Katarina Sørensen.

Ho har allereie levert bidraga sine for å hjelpe dei som er råka av kvikkleireskredet i Gjerdrum. Ho bur rett i nærleiken av rasområdet og kjenner folk som er evakuerte.

– Dei har bokstaveleg talt mista alt dei eig og har. No er det raude dagar, og det er ikkje sikkert at dei har pengar eller bankkort, so vi må berre gjere det vi kan.

Sørensen har samla saman tøy som er for lite til dottera, flasker, skeier, leiker, ei vogn og eit bilsete. Mat har ho også fått levert til dei som bur på Clarion Hotell på Jessheim.

– Flott å vere vitne til

Ordføraren i Gjerdrum kommune, Anders Østensen (Ap) seier at det er svært hyggjeleg med eit stort lokalt engasjement der folk gir bort mat, husly og klede.

Ordfører i Gjerdrum Anders Østensen (Ap)

GLAD FOR AT FOLK BIDREG: Ordføraren i Gjerdrum kommune, Anders Østensen (Ap) synest det er flott å vere vitne til at so mange ønskjer å bidra.

Foto: Ragna Kristine Sandholt / NRK

– Gjerdrum er ein er ein liten stad. Mange kjenner kvarandre og mange er råka. Det gjer at ein gjerne vil bidra, noko som sjølvsagt er svært flott å vere vitne til.

Klokka 10 i formiddag møtte Østensen dei pårørande, som han seier er i ein svært vanskeleg situasjon.

– Det var godt å kunne seie til dei pårørande at mange tenker på dei og engasjerer seg. Det set dei stor pris på.

AKTUELT NÅ