Hopp til innhold

Giske vil privat karaktersminking til livs

Ei ny undersøking viser at elevar ved private skular får betre karakterar enn elevar ved offentlege skular. – Slik går det når skular vert omgjort til bedrifter, seier Trond Giske (Ap).

Debatt om private skular med Trond Giske og Henrik Asheim

SJÅ POLITISK KVARTER: Trond Giske (Ap) og Henrik Asheim (H) er ueinige. Giske meiner private skular er bedrifter, og at dette påverker karakterane til elevane i positiv forstand. Asheim meiner ein slik konklusjon er for enkel. (OBS: I innslaget har Asheim fått tildelt feil parti. Han representerer Høgre, og ikkje Ap).

Trond Giske

Trond Giske synest det er urettvist at elevar ved private skular får betre karakterar enn elevar i offentleg skule.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Skular vil prøve å trekke til seg fleire kundar, i staden for karakterar. Og måten å trekke til seg fleire elevar er å tilby litt betre karakterar. Det er det som ofte er målet ved å gå på ein privatskule, seier Trond Giske.

Han snakkar om ein ny rapport utført av Norsk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu), som vart omtalt i Klassekampen i går.

– Urettvist for elevar i det offentlege

Rapporten viser at elevar ved private vidaregåande skular oftare får dårlegare karakterar på eksamen, samanlikna med elevar ved offentlege skular. Avviket gjeld ikkje ved private skular som er verdi- eller spesialiseringsorienterte, slik som idrettsskular, men ved allmenne private skular.

Giske meiner det ikkje er tilfeldig at det er større avvik mellom standpunkt- og eksamenskarakterar ved slike private skular.

– Det er heilt intuitivt logisk at private bedrifter som lever av å trekke til seg elevar som ønskjer gode karakterar, vil ha eit sterkt insitament og tilby gode karakterar. Og det må me vere medvitne over, for det er urettvist overfor dei som ikkje betaler seg gjennom skulen på den måten, sa Giske då han vitja Politisk Kvarter på P2.

Giske meiner ikkje at ein automatisk bør fjerne alle private alternativ, men at det er viktig å vere merksam på verknadane det kan få å gjere ein skule om til ein institusjon der marknadskreftene slår inn.

Henrik Asheim

Henrik Asheim meiner resultata frå Nifu sin rapport også kan ha andre forklaringar enn at skulane er private eller offentlege.

Foto: Høyre
– Feil å henge ut alle lærarar

Høgres representant i utdanningskomiteen, Henrik Asheim, meiner Giske sine utspel bidreg til å sverte lærarane ved dei private skulane.

– Dette er jo pedagogar, og det å gå ut som utdanningspolitikar og seie at dette er lærarar som set til side den faglege kunnskapen dei har, det er ein sterk påstand som i så fall må underbyggjast, seier Asheim.

Han meiner at Nifu sin rapport også viser mange andre interessante faktorar enn berre forholdet mellom offentleg og privat skule, men at dette ikkje har kome fram på grunn av Ap og SV sin iver etter å sverte dei private skulane.

– Nifu-rapporten seier sjølv at, ja, det er eit lite avvik mellom dei offentlege og private skulane. Men avviket viser at dei som har veldig høge karakterar går ned på eksamenskarakteren, og dei som har svake karakterar gjerne går opp. Også seier rapporten at små skular har ein tendens til å bomme meir enn store skular.

Nifu: – Kan òg vere andre forklaringar

Asheim meiner årsaka til at det av og til blir gitt for gode karakterar vel så gjerne kan vere på grunn av andre faktorar enn at ein skule er privat.

– Når utslaga viser seg at små skular bommar meir enn store skular, så er dette også noko me må diskutere, seier Asheim.

Lærerstreik på Sola Videregående

Skilnaden mellom standpunkt- og eksamenskarakter er større ved private enn ved offentlege skoler. Slik er det når skular vert kommersielle, seier Trond Giske (Ap). (Illustrasjonsbilete)

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Giske meiner ein berre treng gå på trikken eller bussen for å sjå bevis på at private skular opererer meir som bedrifter enn skular. Han meiner privatskulereklamen, som lover karaktergaranti, viser at private skular gjerne bruker karakterar som eit salsargument, og at dette kan påverke karaktersettinga.

Nifu-forskar Elisbaeth Hovdhaugen, sa til Klassekampen i går, at det framleis står att ein del forsking for å kunne slå fast at det er større avvik mellom standpunktkarakterar og eksamenskarakterar ved private skular, samanlikna med offentlege.

Ho meiner skilnaden mellom offentleg og privat kan vere ein mogleg årsak, men at skiljet er størst om eleven har veldig gode karakterar. 85 prosent av dei som har 6 i standpunktkarakter går ned på eksamen. Undersøkinga er basert på innsamla tal frå ulike skular, men også på samtaler med elevar og lærarar.

AKTUELT NÅ