Hopp til innhold

Giske vil ikkje bli ny Ap-leiar

Trond Giske stadfestar at han ikkje vil ta opp kampen om å bli ny leiar for Arbeidarpartiet. Han slår i staden ring om favoritten Jonas Gahr Støre.

Trond Giske

Trond Giske seier han ikkje er ein aktuell kandidat for leiarvervet i Arbeidarpartiet.

Foto: Gorm Kallestad

Giske seier til TV2 at han ikkje ønskjer å bidra til personstrid og krangel om posisjonar i Ap. Giske gjev i staden sin fulle støtte til tidlegare utanriks- og helseminister Jonas Gahr Støre.

– Det er ganske openbart at Jonas Gahr Støre er ønska av ganske mange. Han har den erfaringa som skal til og er klar for å ta på seg den store oppgåva det er å fylla rolla etter Jens Stoltenberg, seier Giske til TV2.

– Eg har jobba tett saman med Jonas gjennom åtte år i regjering og veit kva han er god for og at han er godt planta midt i Arbeidarpartiet, argumenterer Giske.

Trivst som nestleiar

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen (Ap)

Nestleiaren i Ap Helga Pedersen ønskjer ikkje opprykk.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Nestleiar Helga Pedersen har også gjort det klart at ho ikkje stiller som kandidat til leiarvervet i Ap.

– Eg er vald av landsmøtet til å vera nestleiar. Det er ei rolle eg trivst svært, svært godt i. Det er også i den rolla jeg ønskjer å fortsetja, seier Pedersen til NRK.

Støre står no att som den store favoritten til å overta leiarvervet, ifølgje fleire kjelder i Ap som NRK har snakka med.

Jens Stoltenberg er utnemnd til ny generalsekretær i NATO og går den 14. juni av etter 13 år som Ap-leiar. Same dagen skal partiet velja Stoltenberg sin etterfølgjar på eit ekstraordinært landsmøte.

AKTUELT NÅ