Hopp til innhold

Giske i menneskeleg stigespel

Trond Giske mottok over 8000 underskrifter frå utkledde demonstrantar. Under aksjonen senka han stigen til fattige spelebrikker i verdenshandelen - bokstaveleg talt.

Trond Giske senkar stigen til fattige spelebrikker i stigespelet

SENKA STIGEN: Trond Giske deltok i stigespelet til Changemaker-aksjonistane. Spelet symboliserte den norske handelspolitikken.

Foto: Changemaker

Nærings- og handelsminister Trond Giske stilte opp for å spele stigespelet med Changemaker-aksjonistar: med ein vri.

Changemaker har sidan i sommar aksjonert for ein rettferdig norsk handelspolitikk, og i dag leverte ungdomsorganisasjonen over 8000 underskrifter til næringsministeren.

Under overleveringa av underskriftene stilte Giske opp på eit menneskeleg stigespel, som symboliserte norsk handelspolitikk.

Ein brikke i handelsspelet

Markus Nilsen i Changemaker overleverer 8023 underskrifter til Trond Giske

AKSJON: Leiar i Changemaker, Markus Nilsen, overleverer over 8000 underskrifter til næringsminister Trond Giske.

Foto: Changemaker

– Noreg er ein spelebrikke, og dette stuntet illustrerer korleis rike land spelar spel mot fattige land i verdenshandelen, seier Markus Nilsen, leiar i ungdomsorganisasjonen Changemaker.

Aksjonistane kledde seg ut som fargerike spelebrikker, og rigga opp eit spelebrett på fire kvadratmeter ved Akershus Festning i dag.

Problemet med spelebrettet var at stigane ikkje låg slik at dei nederste på brettet kan klatre til topps.

Symbolsk spelebrett

Det urettferdige spelebrettet skulle Trond Giske gjere noko med.

– Giske spelte stigespelet veldig godt. Han sette ned ein stige slik den fattige spelebrikka fekk moglegheita til å klatre seg opp, akkurat slik vi vil han skal gjere for å føre ein meir rettferdig handelspolitikk, seier Nilsen.

Changemaker-aksjonistane rigga ikkje opp det digre spelebrettet berre på gøy.

– Noreg har skapt ei god utvikling, men nektar utviklingsland å gjere det same. Vi dreg opp stigen etter oss slik at dei ikkje kan følgje etter, seier aksjonist Ingrid Ås Berge.

Trond Giske får underskrifter frå Changemaker

HÅPAR PÅ BETRING: Changemaker-aksjonistane håpar næringsministeren vil betre norsk handelspolitikk.

Foto: Changemaker

Berge representerte eit fattig land i stigespelet. Utkledd i blått med ei stor isoporkule på hovudet, fekk ho klatra til topps då Giske senka stigen ned til ho på spelebrettet.

- Det var veldig artig å spele spel med Næringsministeren, og eg håpar han tek til seg bodskapen, seier Berge.

- Urimelege krav til fattige land

Utviklingsrunda i WTO-forhandlingane går no på 11.året, og ifølge Changemaker betalar utviklingslanda prisen med urimelege krav i bilaterale handelsavtalar mellom fattige og rike land.

– Dei internasjonale handelsforhandlingane har kollapsa, og no finst det ikkje reglar som sikrar fattige land si utvikling, seier Markus Nilsen.

– Giske nektar utviklingsland høvet til å bruke dei same politiske verkemidla som har skapt grunnlaget for norsk næringsutvikling.

Dette er som å klatre opp ein stige, for så å trekke den opp etter seg, seier Changemaker-leiaren.

– Trond Giske stilte opp i stigespelet vårt og senka stigen til dei fattige spelebrikkane. Etter spelet var over, gav han oss ”vanlege politikarsvar”, så det er nok enno eit godt stykke igjen før regjeringa fører ein handelspolitikk som er like retterferdig som det han gjorde i dag.

– Men vi tek dette som eit teikn på at han vil føre ein meir rettvis handelspolitikk i framtida, seier Nilsen.

AKTUELT NÅ