NRK Meny
Normal

Giske-rådgjevar: – Naturleg for meg å slutte

Trond Giske sine to rådgjevarar sluttar i Arbeidarpartiet, får NRK bekrefta. – Ingen dramatikk i dette, seier Bård Flaarønning.

Statsbudsjett 2018

SLUTTAR: Bård Flaarønning (t.h.) har vore personleg rådgjevar for Trond Giske sidan 2015, no sluttar han derimot som tilsett i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe etter at Giske trakk seg som nestleiar.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Dagen etter at Arbeidarpartiet konkluderte med at Trond Giske har brote partiet sine retningslinjer mot seksuell trakassering, får NRK bekrefta at hans personlege rådgjevar Bård Flaarønning og Anne Therese Gullberg har sagt opp.

Dei to har vore tilsett i partiet si stortingsgruppe, og sluttar med på dagen. Det var Dagbladet som først omtalte saka.

Men ifølgje Flaarønning var ikkje Aps konklusjon den utløysande årsaka til hans oppseiing.

– Eg har vore i ein tankeprosess sidan Trond ikkje lenger var nestleiar.

Trond Giske trakk seg 7. januar som nestleiar i Arbeidarpartiet, etter fleire skuldingar om seksuell trakassering og upassande oppførsel frå fleire varslarar. Seinare vart det også klart at Giske mista plassen i finanskomiteen og som finanspolitisk talsperson for partiet.

Giske er framleis stortingsrepresentant, men er for tida sjukmeldt.

– Ingen dramatikk i avslutninga

Bård Flaarønningen og Trond Giske

SAMAN: Bård Flaarønning har vore Giske sin personlege rådgjevar sidan 2015. Arkivfoto.

Foto: Arbeiderpartiet

Samtidig som Giske har vore skulda for seksuell trakassering, er det Flaarønning som har vore hans pressekontakt og tatt imot store mengder medieførespurnader.

Han seier det ikkje har vore noko dramatikk knytt til oppseiinga hans i partiet.

– Det er naturleg og ingen dramatikk i at eg søkjer nye utfordringar når Trond Giske ikkje lenger er nestleiar i Ap. Min jobb var å vere hans rådgjevar i kraft av at han var nestleiar i partiet.

– Kvifor ikkje halde fram som tilsett i Ap?

– Eg har vore tilsett i nærmare tre år i Arbeidarpartiet som rådgjevar for Trond. Dette var eit naturleg tidspunkt for meg å slutte, seier Flaarønning.

Han vil ikkje gå inn på korleis varslingane og mediepresset har gått inn på han den siste tida, eller om dette har påverka avgjerda hans.

Flaarønning har tidlegare vore tilsett som pressekontakt for Eskil Pedersen i AUF og vore kommunikasjonssjef for MOT.

Gullberg bekreftar i ein SMS til NRK at også ho har sagt opp.

– Eg har hatt givande og spanande år i Ap, men no er tida inne for å gjere noko nytt, skriv ho.

Aps sekretariatsleiar på Stortinget, Hans Kristian Amundsen, seier det er synd at dei sluttar.

– Begge er flinke folk som eg ynskjer lukke til vidare.

Giskes advokatar til angrep på Ap

Etter at Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre torsdag konkluderte med at Giske har butt partiet sine retningslinjer, har advokatane til Giske gått til motangrep på partiet si handtering.

– Giske er sjokkert over behandlinga i denne saka, seier advokat Christopher Hansteen. Han meiner Giske ikkje har fått høve til å kome med sin versjon i ei periode der han er sjukmeldt.

Partileiar Jonas Gahr Støre avviser at Giske ikkje har fått tid på seg, samtidig som fire av varslarane seier dei er glade for konklusjonen til partiet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger