Hopp til innhold

– Eg veit ikkje om eg synest den er skremmande, eg synest den er ganske flott

Dei er store, giftige og kjem snart til ein stad nær deg. Men forskaren synest eigentleg ikkje at dei er så skumle.

Vespa valuntina frå Asia og europeisk geithams.

DEN GULE FARE: Geithamsen i europeisk og asiatisk variant. Den europeiske er i ferd med å spreie seg ut til fleire område i Sør-Noreg.

Foto: Colourbox / Daniel Solabarriata

Geithams er den største stikkevepsen i Europa og finst i fleire ulike artar. No har dei fleste dronningane gått i hi, men dei kjem tilbake neste år - proppfulle av energi.

Den eine av desse artane er i ferd med å spreie seg i Sør-Noreg og forskarane trur den vil nå ut til stadig større område.

– Eg veit ikkje om eg synest den er skremmande, eg synest den er ganske flott. Den er altså vanleg no mange stadar på Austlandet og Sørlandet og er registrert heilt opp mot Tretten i Gudbrandsdalen.

Det seier Torstein Kvamme, rådgjevar i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Han er ein av dei fremste insektekspertane i landet.

No er han overtydd om at den store vepsen europeisk geithams (vespa krabro) no er i ferd med å spreie seg til nye område i Sør-Noreg.

Kan kome til Vestlandet

– Eg vil tru at den vil kunne etablere seg i dei varmare områda på Vestlandet og i varme område i Trøndelag. Ingen veit det førebels, men eg vil definitivt trur at den vil kunne greie seg godt i fjordstroka på Vestlandet, seier Kvamme.

Men den europeiske kjempevepsen er ikkje aleine lenger i Europa. For bakom blånane og sør for Noreg lurer den asiatiske slektningen, vespa vellutinus.

I Sør-Europa er denne vepsearten i ferd med å bli eit stort problem, ikkje minst for birøktarar. Geithamsen ser på bier som snop som dei aldri kan få nok av. Den kan øydeleggje ei bikube på kort tid.

– Den representerer eit kjempestort problem for birøktarar i Italia og Portugal til dømes. Den har spreidd seg veldig raskt i Europa og er funne i Tyskland og England. Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at den kan etablere seg her i Noreg også.

Når det kan skje er Kvamme usikker på, men med all transport og trafikk som går mellom land og kontinent, så kan det skje før vi anar det.

FILE PHOTO: An Asian giant hornet, dubbed the "murder hornet", is seen after it was trapped in Birch Bay

STOR OG KJIP: Japansk kjempeveps blir gjerne kalla mordarveps. Ikkje fordi den jaktar menneske, men fordi den er til stor fare for særleg bipopulasjonar.

Foto: Wsda/chris Looney / Reuters

– Verkeleg stor

Men om du tykkjer geithams i Noreg og Europa kan vere kjipe greier, ikkje oppsøk vestkysten av Nord-Amerika.

Der har nemleg den største av geithamsane, japansk kjempeveks (vespa mandarinia), klart å kome seg i land frå containerskip og på andre måtar landa i trea - bokstaveleg tala.

I Washington state i USA og i Vancouver-regionen i Canada er det registrert stadig fleire av denne 5,5 centimeter lange vepsen med eit vengespenn på 7,5 centimeter.

Det er sett ut vepsefeller langs grensa mellom British Columbia og Washington. Målet er å utrydde mordarvepsen før den får fullt fotfeste.

Washington State Department of Agriculture carries out eradication of an Asian Giant Hornet nest with the help of Washington State Department of Natural Resources, in an undisclosed location in this handout photo

SET OPP FELLER: Amerikanske forskarar har intensivert arbeidet for å stogge den japanske kjempevepsen.

Foto: Washington State Department Of A / Reuters

– Det er den verkeleg store arten i storleik. Den har kome seg frå Søraust-Asia til Vancouver der den har spreidd seg veldig raskt, seier insektekspert Torstein Kvamme.

Det er altså først og fremst bier og andre kryp som bør vere redde når stadig større vepsar når våre breiddegrader. Men Kvamme har eit godt råd:

– Dei fleste reagerer på storleiken og den brummande lyden. Skulle du kome borti eit geithamsbol så bør du komme deg vekk faderleg fort.

AKTUELT NÅ