Hopp til innhold

Geir har samla inn over 700.000 på eit døgn

Nordmenn opnar lommeboka for å hjelpe flyktningar i Europa. Geir Sviggum har klart å samle inn over ein halv million kroner på berre eit døgn.

Geir Sviggum

GÅR FOR EIN MILLION: – Eg håpar det berre kjem meir pengar inn til aksjonen, seier Geir Sviggum som på eit døgn har samla inn over 700 000 kroner.

Foto: privat/Scanpix

– Dette byrja med eit initiativ mot mine partnarar i Wikborg Rein. Og eg er overvelda og stolt over støtta som er komen, seier Geir Sviggum.

Satsar på ein million

En familie kjemper i mot å bli sendt til flyktningleir i Ungarn

MÅ HJELPE: Aldri før har så mange teke kontakt med hjelpeorganisasjonane for å kunne få hjelpe med Syria-flyktningane.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Dei enomre flyktningemassane som no beveger seg gjennom Europa får pengane til å strømme inn til hjelpeorganisasjonane. Hjelpeorganisasjonane opplever telefonrush, gjevarglede langt ut over det som er vanleg og folk som ber om å få hjelpe.

På eit døgn har aksjonen til Sviggum fått inn over 700.000 kroner, og pengane held fram med å kome inn.

– Dette har spreidd seg til å nå langt ut over vårt firma og mange gjer ein stor innsats for å få opp gjevargleda og engasjementet, seier han.

Målet er å nå ein million kroner i løpet av nokre dagar.

– Vi har stor tru på at det totalbeløpet vil halde fram med å vekse i dagane som kjem, seier han.

Student Victoria Hille ba om hjelp til å fylle privatbilen med utstyr til syriske flyktninger, da hun skulle tilbake til Ungarn etter endt ferie. Søndag drar varebiler og tilhengere sørover.

Droppar politikk og samlar pengar i staden

Rune Høiseth og Hallstein Bast

ROPAR UT: Ordførar Rune Høiseth og varaordførar Hallstein Bast i Larvik meiner alle kan avsjå ei dagslønn for å hjelpe.

Foto: Larvik kommune

Og det kjem heile tida inn nye, kreative måtar folk bidreg.

Den finske statsministeren vil mellom anna opne heimen sin for flyktningar, og i Larvik manar dei ordførarane i heile landet til engasjere seg.

– Vi gjev ei dagsløn kvar, og ber alle andre ordførarar og varaordførar til å gjere det same, seier varaordførar i Larvik, Hallstein Bast (V).

Midt i valkampen kastar dei partiprogram, diskusjonar og alt anna til side for å hjelpe.

– Politikken er klart lagt til side. Og det som er moro er jo at også tidlegare ordførarar, og dei som stiller til val som ordførarar har kasta seg på. Kor mange som er med no anar eg ikkje. Men målet er at alle skal delta, seier Bast.

I tillegg til konkrete pengeinnsamlingar, er det også stor diskusjon og stort engasjement politisk.

Fleire ordførarar som tidlegare har sagt nei til å ta imot flyktningar frå Syria har no snudd, og dei jobbar på spreng for å klargjere seg for å kunne ta imot flyktningane.

Treng alle pengane dei kan få
Åsne Havnelid

TRENG ALT: Åsne Havnelid i Røde Kors seier dei treng alle midlane dei kan få.

Foto: SALTBONES; Olav A./Røde Kors, SALTBONES, Olav A./Røde Kors

Røde Kors oppretta på slutten av veka ein mellombels flyktningleir på grensa mellom Ungarn og Austerrike.

– Og det kostar. Vi treng alle midlane vi kan få for å klare å hjelpe dei som treng det, seier generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid.

– Vi har folk som melder seg inn i organisasjonen, som ringer og tryglar om få hjelpe, og vi har ikkje drive aktiv reklame for det. Engasjementet vi ser er imponerande og ektefølt, seier kommunikasjonssjef i Norsk Folkehjelp, Håkon Ødegaard.

Professor og lege Hans Rosling forklarer med legoklosser hvor mange flyktninger som kommer til Europa eller nabolandene, fra krigsrammede Syria.

AKTUELT NÅ