Hopp til innhold

Gardermoen utan hjartestartarar

- Eg er opprørt over at Oslo Lufthavn manglar livsviktig redningsutstyr i terminalane, seier flysjukepleiar Norbert Ziegeler.

Hjartestans Gardermoen

Ei eldre kvinne fekk i mars hjartestans på Gardermoen etter ei natt med uvêr og mange kanselleringar.

Foto: Tor Even Mathisen / NRK

Kanselleringar, forseinkingar og folketrengsel pregar ofte flyterminalar. I det stressande miljøet er det ikkje uvanleg at folk segnar om med hjartestans.

Når krisesituasjonen et ute, har ein ingen sekund å miste før livreddinga tek til.

LES: På helsa laus på Gardermoen

Hjartestartarar finst snart i ein kvar liten idrettsforeining i landet, men i terminalane på den største flyplassen i Noreg, er dei livreddande apparata fråverande.

Gardermoen heng etter

Flysjukepleiar Norbert Ziegeler har observert at hjartestartarar i stadig større grad blir plasserte i det offentleg rom verda over.

Flysjukepleiar Norbert Ziegeler etterlyser hjartestartarar

Liv kan gå tapt dersom ein ikkje har hjartestartarar godt tilgjengeleg, meiner flysjukepleiar Norbert Ziegeler.

Både Arlanda flyplass ved Stockholm og Kastrup ved København har hjartestartarar med tette mellomrom i terminalane.

Ziegeler ser ingen grunn at hovudflyplassen i Noreg ikkje har utstyret tilgjengeleg.

- Tilgjengelege hjartestartarar ville redusert tida kraftig før livreddinga blir sett i gang. For kvart minutt som går, er det 10 prosent mindre sjanse for å overleve. Det betyr at sjansen til å klare seg er halvvert etter fem minutt, fortel han.

Sekunda tikkar fort

I dag tek minst fire minutt før hjartebehandlinga kjem i gang på Gardermoen, hevdar flysjukepleiaren.

- I beste fall tek det 25 sekund før ein får varsla. Dersom utrykingspersonellet verkeleg er gode, brukar dei 15 sekund før dei får kasta seg i bilen. Deretter tek det to til tre minutt å rykke ut, og så skal utstyret koplast opp, seier Ziegeler.

- Det vil alltid vere nokon med medisinsk bakgrunn som er til stades på ein flyplass. Dei kan ta utstyret raskt i bruk, meiner han.

Over 20 liv er redda

Leiinga ved Oslo lufthavn har kome fram til at det ikkje er noko poeng i å ha hjartestartarar i terminalane.

Hjertestartar på Stockholm Arlanda

Hjartestartar på Arlanda, Stockholm.

Foto: Norbert Ziegeler

- Vi ser det som unødvendig. Tryggleiksmannskapet ved flyplassen har hjartestartarar lett tilgjengeleg, og brukar to minutt til staden. Med så rask utryking, har vi ikkje behov for slikt utstyr, seier pressetalskvinne Sofie Bruun.

Ho fortel at det ofte blir utflørt hjarteredding ved flyplassen, og at beredskapen fungerer godt.

- Vi har ein god del situasjonar der vi har bruk for hjartestartarar. Sidan 1998 har vi redda mellom 20 og 25 liv ved hjelp av hjartestartarar, fortel Bruun.

I bruk på Flesland

Hjartestartarar er ikkje heilt fråverande på norske flyplassar. Ved Bergen lufthavn Flesland har dei erfart kor nyttig utstyret er.

Hjertestartar på Kastrup ved København

Hjartestartar på Kastrup, København.

Foto: Norbert Ziegeler

- Vi har hatt hjartestartarar i terminalen i eit par år, og har god erfaring med det. Utstyret har vore i bruk fleire gonger, seier lufthamnsjef Dag Jarle Aksnes.

Gardermoen har om lag 18 millionar reisande kvart år. Eldre menneske og folk utan reiseerfaring er spesielt utsette for hjartestans når stressnivået er som verst.

Ifølgje Norsk Luftambulanse får om lag 5000 nordmenn hjartestans årleg utanfor sjukehus.

- Det er oppsiktsvekkjande at Gardermoen ikkje har hjartestartarar i terminalane, når Flesland, som er ein mykje mindre flyplass, har utstyret på plass, meiner flysjukepleiar Ziegler.

AKTUELT NÅ