Hopp til innhold

Går mot blyhagl på ender og gjess

Miljødirektoratet går mot bruk av blyhagl på ender og gjess på innmark, og innfrir ikkje Norges Jeger- og Fiskerforbunds (NJFF) sterke ønskje om dette.

Gåsejakten på Frøya er ute av kontroll
Foto: Petter Vidar Vågsvær / NRK

Dette går fram av direktoratets tilråding til nye forskrifter for jakt med blyhagl som blei levert Klima- og miljødepartementet i dag.

Direktoratet har hatt saka ute på høyring, og i dag konkluderte dei mellom anna med at risikoen for at blyhagl blir brukt og spreidd i våtmarksområde er for stor til å tillate jakt på ender og gjess med blyhagl på innmark.

Har lytta til faginstansar

Direktoratet har lytta meir til faginstansar som Folkehelseinstituttet , Veterinærinstituttet og fylkesmannen i Rogaland enn til NJFF.

I brevet til departementet står det at det har kome viktige innspel frå fleire av faginstansene om at det vil vera svært uheldig å opne for gåse- og andejakt med blyhagl, fordi desse artane ofte oppheld seg mykje i eller i nærleiken av våtmarksområde, og fordi innmark i mange tilfelle ligg inntil våtmarksområde.

Redd for naturreservat

Fylkesmannen i Rogaland, der det er utbreidd gåse- og andejakt, påpeikar spesielt at dette vil kunne bety at ein kan jakte ender og gjess med blyhagl heilt inntil våtmarksområde som er verna som naturreservat med Ramsar-status. I praksis vil mykje av blyhaglet dermed kunne falle ned i våtmarksområdet.

«Opning for jakt med blyhagl på desse artane vil dermed medføre ein ekstra risiko for at blyhagl kan koma til å bli brukt og spreidd i våtmarksområde. Vi tilrår derfor at jakt på ender og gjess med blyhagl i innmark blir tatt ut av forslaget», skriv Miljødirektoratet.

Ikkje bly mot mink

Høyringsinstansene er delte i synet på kva artar som skal omfattast av forbodet mot bruk av blyhagl. Jegrar og jegerorganisasjonar vil gjerne utvide lista over artar som lovleg kan jaktast med blyhagl. For dei er det viktig å kunne bruke blyhagl til å skyte kråkefugler og andre predatorer som mellom anna tar egga til ønskte artar, og å kunne bruke blyhagl ved jakt på trost og mink.

Men blant dei nye artene som har blitt foreslått tillatt jakta med blyhagl, vurderer Miljødirektoratet at måkar og mink i betydelig grad oppheld seg i våtmarksområder, og dei foreslår derfor ikkje å opne for at desse kan jaktast med blyhagl.

Som NRK meldte fredag , foreslår Folkehelseinstitittet å innføre ei avgift på blyhaglpatroner. Men dette går NJFF kraftig i mot. Miljødirektoratet har ikkje gått nærmare inn på ei vurdering av dette.

Direktoratet går også inn for å forby bruk av blyhagl på skytebane.

AKTUELT NÅ