Gå til politiet!

Regjeringa kjem no med ei tydeleg oppfordring til helsearbeidarar som synest det er vanskeleg å varsle om mogleg kjønnslemlesting.

Jente venter på omskjæring
Foto: Tormod Strand / NRK

Kilde: NRK

- Helsearbeidarar har plikt til å varsle dersom dei har mistanke om at jenter skal omskjerast, seier statssekretær Astri Aas-Hansen i Justisdepartementet til NRK.

Vanskeleg

Etter at NRK avdekka korleis norsk-somaliske jenter blir omskorne på ferie i foreldra sitt heimland, har det kome fram at mange norske helsearbeidarar finn det vanskeleg å melde frå når dei har mistanke om slike overgrep. Politiet får få meldingar frå helsevesenet, registrerer Justisdepartementet.

Statssekretær Aas-Hansen meiner difor det er riktig å kome med ei tydeleg melding til norske helsearbeidarar:

- Lova seier heilt klart at det er ei plikt å melde frå, og det naturlege er då å gå til politiet, seier ho. Ho håpar oppmodinga kan senke terskelen for å varsle, og gjere det lettare for dei som lurer på om dei skal gå vidare med mistanken sin.

 Straffbart

Lov om kjønnslemlesting seier at det er straffbart for tilsette i helsetenesta å ikkje melde frå dersom dei har grunn til å tru at jenter skal omskjerast. Aas-Hansen meiner dette har vore tydeleg kommunisert frå regjeringa, men innser at bodskapen ikkje har nådd heilt fram:

- Difor kjem eg igjen med ei oppfordring igjen om å ta denne plikta på alvor.

Fredag legg regjeringa fram hastetiltak for å unngå kjønnslemlesting i sommar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger