Fysioterapeutar fryktar for pasientane si psykiske helse

Stengte fysioterapi-klinikkar har svekka mange pasientar gjennom koronatida, meiner Norsk Fysioterapeutforbund.

Kneskade

INAKTIVE: Fysioterapeutforbundet får melding frå heile landet om pasientar som er blitt passive og treng meir pleie.

Foto: Helena Tossavainen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Fysioterapeutforbundet får melding frå heile landet om pasientar som er blitt passive og treng meir pleie.

– Vi får dagleg tilbakemelding frå medlemene våre om korleis stenging av fysioterapiklinikkar og omdirigering av fysioterapeutar til andre oppgåver i kommunar slår ut for pasientane, seier Karianne Bruun Haugen, leiar i Norsk Fysioterapeutforbund, region Oslo.

Karianne Bruun Haugen, regionelar Norsk Fysioterpaeutforbund, region Oslo-området..

Karianne Bruun Haugen, regionleiar i Oslo-området i Norsk Fysioterapeutforbund.

Fleire melder at mange pasientar, gjerne dei med kroniske og samansette plager, har merkbar nedgang i funksjonsnivå. Desse blir både passive og mindre i stand til å klare sjølv.

– Ein del vil kanskje også ha behov for meir pleie, seier ho.

Parkinson og MS

– Vi har konkrete tips frå våre medlemer om pasientar med både Parkinson sjukdom og MS som har fått dårlegare balanse og gangmønster, noko som fører til at dei blir redde for å bevege seg og dermed passive. Dette er ikkje bra med tanke på å kunna klara seg sjølv heime og meistre eige liv, seier Bruun Haugen.

– Vi høyrer om pasientar som har større behov for behandling og trening etter eit så langt opphald som koronakrisa ga, og framleis gir. For sjølv om vi er tilbake på jobb, gjer smittevernomsyn kapasiteten mindre, seier ho.

Forbundet har medlemmer som også er bekymra over pasienter som trenar fast hos fysioterapeutene. Terapeutene opplever betydeleg funksjonstap hos desse. Mange pasientar opplever å ha fått en stor psykisk knekk og seier «eg kjem aldri til å klare å bygge meg opp igjen» eller at «eg klarer aldri å koma tilbake dit eg var».

– Koronakrisa og stengning av fysioterapitilbudet viser verkeleg kor viktig fysioterapi er for å halde folk i gang, slik at dei kan jobbe, bu heime og ikkje minst meistre eige liv, seier ho.

Behov for langvarig oppfølgjing

Fysiopterapeut Morten Hagenes ved Oppsalklinikken i Oslo har fleire pasientar med nevrologiske sjukdomar, personar med behov for langvarig oppfølging, kanskje resten av livet. Korona-stengt fysikalsk klinikk har fått store følgjer for dei.

Fysioterapeut Morten Hagenes ved Oppsalklinikken i Oslo.

Fysioterapeut Morten Hagenes ved Oppsalklinikken i Oslo ser svekka funksjonalitet hos mange pasientar, og fryktar mange får ein psykisk knekk etter at mange klinikkar var stengt i fleire veker på grunn av koronasmitten.

Foto: Daniel Fritzvold / Privat

– Det kan vera ein MS-pasient som vanlegvis klarer seg relativt greit heime, som kan koma seg opp og stå, handtera ein rulletsol og forflytta seg. Men no må ho ha hjelp av heimehjelptenesta fordi det er ein del funksjonar ho ikkje lenger klarer sjøl. Dette er så demotiverande at ho til slutt rett og slett ikkje giddar noko. Det er hardt å motivere seg til å klare å flytta seg frå seng til rullestol og klara å kle på seg om morgonen.

Tydelegare bilete utover året

Og dette er nok berre ein liten bit av eit større bilete som vil bli endå tydelegare utover året. Det vil visa meir enn fysiske utfordringar hos pasientane, trur Hagenes:

– Vi får meldingar om at pasientar som aldri har hatt psykiske plager, no går rett i kjellaren, for dette har kome veldig brått på, seier fysipterapeut Morten Hagenes.

– No ser vi kor viktig det er for psykisk helse er å vera i aktivitet. Det har vi verkeleg sett desse vekene.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.05.2020
8383
Smittet
34
Innlagt
235
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger