Hopp til innhold

Fylkespolitikarane i KrF forsvarar regionreforma

– Det er uansvarleg å reversere regionreforma no, skriv gruppeleiarane til KrF i alle fylkeskommunane i ei felles fråsegn. Men Senterpartiet trur framleis KrF vil snu.

Karin Bjørkhaug KrF

Gruppeleiarane til KrF i alle fylkeskommunane i landet har skrive brev der dei oppmodar stortingsgruppa til ikkje å snu om regionreforma. Karin Bjørkhaug i Trøndelag seier det er viktig å stå løpet ut, og at det er for seint å snu no.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

KrF er i vippeposisjon når regionreforma kjem opp i Stortinget. Senterpartiet har varsla omkamp om samanslåingane i Troms og Finnmark og austlandsfylka i Viken-regionen.

Men tysdag sa KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad til NRK at dei har ingen planar om å snu.

Han får støtte frå gruppeleiarane til KrF i alle fylkeskommunane i landet. I eit ope brev oppmodar dei stortingsgruppa til ikkje å vike. Gruppeleiar for KrF i Trøndelag, Karin Bjørkhaug, seier det er viktig å få gjennomført reforma.

– Stortingsgruppa skal vite at dei har KrF sine fylkespolitikarar i ryggen. Vi står fast på det vi har sagt tidlegare. Dette handlar om å få gjennomført ein demokratireform, og få flytta makta nedover i systemet.

Senterpartiet håper på snuoperasjon

Sjølv om både fylkespolitikarane og nestleiaren i KrF seier at partiet skal halde stø kurs i denne saka, har ikkje partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, gjeve opp håpet om at KrF på Stortinget likevel skal snu:

Trygve Slagsvold Vedum i Arendal

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet seier han framleis har tru på at KrF kan snu i regionreforma.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

– Vi trur dei vil snu. Grunnen er samtalane vi hadde med KrF i vår, og korleis dei opptredde i kommunalkomiteen.

Men no går både nestleiaren i partiet og fylkespolitikarane ut og seier at det ikkje blir omkamp. Kva skal til for at du skal sjå at KrF ikkje kjem til å snu?

– KrF var tydlege på at dei ville ha ei avklaring om oppgåvene til regionane før 15. oktober. Grunnen var at det var uro i stortingsgruppa. Eg veit fleire i KrF ikkje synest dette er ei god løysing, og vi treng berre fire representantar for å få snudd denne tvangsbruken.

Flytting av oppgåver

Eitt av måla med reforma er å overføre oppgåver frå staten til regionane. Men kva oppgåver som skal flyttast, blir klart først i oktober når regjeringa legg fram oppgåvemeldinga.

Bjørkhaug vedgår at dei gjerne skulle ha hatt avklart dette tidlegare.

– Hadde vi hatt klart kva oppgåver regionane skulle ha i starten, hadde det gjeve reforma ein annan legitimitet og framdrift. Men no gjeld det å fullføre løpet og fylle ho med innhald.

Men ho avviser at dei kjem til å snu, sjølv om det skulle vise seg at oppgåvemeldinga ikkje gir dei svara partiet ønsker.

– Dersom oppgåvemeldinga ikkje leverer på innhald, må KrF ta ei rolle på Stortinget som sørger for at det skjer. No er det viktig at vi står løpet ut, og ikkje prøver å snu på hoppkanten. Det gir sjeldan eit godt resultat, seier Bjørkhaug.

AKTUELT NÅ